BKK vil ha Kvinnherad Energi: – Ingen skal mista arbeidsplassane

SEL SEG INN: Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, la ikkje skjul på at ho BKK ønskjer eigarskap i Kvinnherad Energi under formannskapsmøtet sist torsdag.

SEL SEG INN: Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, la ikkje skjul på at ho BKK ønskjer eigarskap i Kvinnherad Energi under formannskapsmøtet sist torsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Kvinnherad er ei naturleg plassering viss vi etablerer region Sunnhordland, sa konsernsjef Jannicke Hilland.

DEL

Sist formannskapsmøte fekk representantane besøk av Haugaland Kraft, og torsdag førre veke var det BKK som var på «friartur». Bakgrunnen er at Kvinnherad kommune lurer på å selja Kvinnherad Energi, eller fusjonera.

– BKK har ein utbytepolitikk på 70 prosent som vi betaler tilbake til eigarane. Og dei siste åra har vi betalt ut 8,5 milliardar kroner i utbyte, starta Hilland føredraget med.

Konsernsjefen hadde med seg tre andre karar, der alle prøvde å selja BKK inn hos formannskapet. Dei peika på at dei hadde ei av dei lågaste nettleigene, og jobba blant anna med Hydro om å utvikla eit vasskraftselskap. Dei nemnde også at dei heldt på med å elektrifisera maritim næring og havbruk. Dei har allereie slått seg saman med Etne elektrisitetslag og Tysnes elektrisitetslag, og håpar på at viss Kvinnherad blir med, kan dei ha moglegheita til å etablera ei sjølvstendig eining i Sunnhordland.

– Der er Kvinnherad ei naturleg plassering for ein slik region, sa Hilland.

– Seier de det same til dei andre kommunane de er hos òg? spurde Leif Sverre Enes (H) direkte.

Hilland tok seg litt tid til å tenka, før ho landa på at det hadde dei ikkje gjort.

– Vi held det vi lovar, og vi står inne for å etablera kompetansemoglegheiter i Kvinnherad, og behalda arbeidsplassane, sa ho.

For det lova dei, at ingen i Kvinnherad Energi skulle mista arbeidsplassane sine. Det blei også sagt at viss kommunen gjekk til BKK, ville dei etablera eit fellesprosjekt om nye kompetansearbeidsplassar mellom Kvinnherad Energi og andre næringslivaktørar.
Etter føredraget konkretiserte Slettebø at dette berre var ein innleiande runde, då fleire av politikarane etterlyste meir fakta frå BKK.

– Vi gruar og gler oss til saka skal til handsaming, slutta han.

Artikkeltags