«BKK som nettleverandør i Kvinnherad»

Av
DEL

MEININGAR

«Svar til Anfinn Bakke: BKK Nett har no endra nettleigeprisen» (+)

Dette kan vi lesa på nettsida til Kvinnheringen onsdag. Endringane gjeld i tariffen for små næringskundar med 125 A hovudsikringar.

Kva med nettleige for større næringskundar ?

I tilsendt tariff av 1. oktober 2019, for kundar med inntakssikring over 330 A er grunnpris pr. år auka frå kr 8.500,- til kr 22.000,- frå 1. oktober 2019, samanlikna med tariff frå 1. mai 2019.

Effektdelen kr/KW/mnd:

< ( mindre enn ) 200 kW Sommer: Auka frå 41 øre til 58,2 øre Vinter: Auka frå 49 øre til 67,7 øre

> (større enn) 200 kW Sommer: Auka frå 34 øre til 51 øre Vinter: Auka frå 40 øre til 57 øre

BKK har ifølge tariff av 1. oktober auka denne delen med ca. 17 øre på ovannemnde effektar sommar og vinter. Effektdelen vert målt med 60 min. tidsoppløysing og fakturert etter høgaste månadsverdi. Dette slår negativt ut dersom ein har ein time med høgt forbruk.

BKK har redusert Energiledd-øre/kWh:

Sommar frå 5,4 øre til 3,6 øre og vinter frå 7,5 øre til 4,2 øre.

BKK gir med ei hand og tar med den andre, og så kan ein spørje etter dei store innsparingane på nettdelen av straumrekninga?

På vegner av større næringslivskundar vil eg håpa at vegen frå BKK Kvinnherad til topps i BKK-systemet fortsett er kort, og at vi kan få presentert ei ny gladmelding der ein halverer fast årleg grunnpris frå kr 8.500,- til kr 4.250,- og ei nedjustering av effektdelen.

Eg har tillit til at BKK-systemet behandlar alle kundar likt når dei no har etablert BKK Kvinnherad.

Uskedalen 23.10.19.

For Eidsvik Eigedom AS

Svein Arne Eidsvik

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags