Fleire har fått blekksprut med fiskestang

Benjamin Eirik Henriksen tok denne akkaren med fiskestang ved Sunde ferjekai onsdag kveld. (Foto: Privat).

Benjamin Eirik Henriksen tok denne akkaren med fiskestang ved Sunde ferjekai onsdag kveld. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Onsdag kveld stod Benjamin Henriksen og fiska ved Sunde ferjekai. Då fekk han noko han aldri har fått på kroken før: Ein blekksprut. Kameraten hans Ole Kristian Gjuvsland måtte hjelpa til med å dra den rundt 50 centimeter lange akkaren på land.

– Den skifta fargar fleire gonger, og det virka som om den prøvde å kamuflera seg, fortel han til Kvinnheringen.

– Kva skal du gjera med akkaren, skal du eta den?

– Eg veit ikkje heilt. Førebels ligg den i frysaren, så eg får sjå.

Ifølgje Havforskingsinstituttet er vandringa til akkaren veldig variabel, og i perioden mellom 1989 og 2002 er det berre funne akkar eit par gonger, og i små mengder. Akkaren blir mellom 20 og 60 centimeter lang, og den største som er fanga i norske farvatn hadde ei kappelengd på 59 centimeter og vog 5,3 kilo. Akkaren kan bli i overkant av eitt år gammal, og veks raskt, om lag 1,8 mm per dag.

OPPDATERING:

Fleire har fått blekksprut

Etter at vi skreiv om akkaren som Benjamin fekk, har fleire lesarar fortald at dei også har fiska blekksprut i det siste.

Johan Storesund tok denne blekkspruten med stang i Rosendal, onsdag kveld:

Han fortel at det også er første gongen han får blekksprut med fiskestang.

Tore Hartvik Kristensen fortel at han har fått over hundre blekksprutar i krepseteinene sine. Han har fått den mest vanlege arten, med åtte armar. Den er visst ingen hyggjeleg gjest å få besøk av, då den et opp sjøkrepsen. Mange har hamna på tallerkenen, men dei fleste har blitt til agn i teinene.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags