Idrettsrådgjevar Kristian Helgesen, prosjektleiar Kaia Olsen Tjoflåt og dagleg leiar Daidalos Dahle har vore på synfaring i den nye storstova. Ting byrjar verkeleg å ta form.

– Her er det hektisk aktivitet og stor framgang. Me kan dessverre ikkje seia noko konkret om opningsdato no, men kjem tilbake med dette så snart det let seg gjera, seier dagleg leiar Daidalos Dahle i Kvinnherad Arena.

Boltreplass

Han, som så mange andre, gler seg stort til å kunna ønska kvinnheringane inn i arenaen når den er klar.

– Det vert eit bygg som kjem til å løfta tilbodet for fysisk aktivitet mange hakk. Skulane får ein heilt anna kvardag, og utvida moglegheiter. Idrettslaga får fleire og betre flater tilgjengeleg. Turn, handball, volleyball, karate med meir får moderne og motiverande fasilitetar som potensielt stimulerer til styrkja rekruttering. Og så skal arenaen leva litt i tida. Gjera seg tilgjengeleg for tiltak som løftar innbyggjarane si folkehelse. Vera opne for sosial utvikling og inkluderingsarbeid, seier Daidalos og held fram:

– Det står att litt før me opnar, men det nærmar seg. Og då får kvinnheringane, store som små, ein boltreplass me ikkje har sett maken til i våre trakter.