Gå til sidens hovedinnhold

Midt i blinken

18. januar 2020, kl. 15:00

Fredag 17. januar hadde breiddeidrett VG3 ved KVV ein spennande fagdag saman med Kvinnherad Bogeskyttarklubb. Lærar Johannes Heien har delt bilde frå den kjekke dagen der elevane fekk instruksjon frå bogeskyttarar som ved fleire høve har vist at dei er i norgestoppen. Elevane fekk introduksjon og teknikktrening. Heien melder om bratt læringskurve. – Breiddeidrett og KVV takkar for samarbeidet med Kvinnherad Bogeskyttarklubb, helsar Heien.