Formannen sette ny norgesrekord

Terje Bakke, formann i Kvinnherad Bogeskyttarklubb, slo søndag rekorden for høgast poengsum for skyttarar over 50 år med fem poeng!

Terje Bakke, formann i Kvinnherad Bogeskyttarklubb, slo søndag rekorden for høgast poengsum for skyttarar over 50 år med fem poeng!

Søndag arrangerte Kvinnherad Skyttarklubb innandørs stemne på Sunde, og då slo formann Terje Bakke den gjeldande rekorden i 50+-klassen med 5 poeng!

DEL

Søndag arrangerte klubben stemne i gymsalen på Sunde skule, og det kan nemnast at klubben no har to nyutdanna nasjonale dommarar i Terje Bakke og Terje Haugen. 15 skyttarar deltok på stemnet denne dagen, ni av dei frå Kvinnherad, og resten frå Fana og Stord. Yngstemann var Lukas Sunde (12), som begynte med bogeskyting etter eit nybegynnarkurs i januar, og eldstemann var «veteran» Hans Dieter Gertz (78).

Søndag arrangerte Kvinnherad Bogeskyttarklubb stemne i gymsalen på Sunde skule, for 15 deltakarar. Nærmast ser du Lukas Sunde, Frank Johnsen og Terje Bakke frå Kvinnherad.

Søndag arrangerte Kvinnherad Bogeskyttarklubb stemne i gymsalen på Sunde skule, for 15 deltakarar. Nærmast ser du Lukas Sunde, Frank Johnsen og Terje Bakke frå Kvinnherad.

Deltakarane skaut til saman 60 piler på blink, der hovudforskjellen var at nokre skaut med sikte, og nokre utan. Dei som ikkje har sikte på bogen sin skyt «instinktivt», og har derfor større blinkar. Å skyta med sikte er enklare, og derfor var blinkane som Atle Helland, Terje Haugen og Taisto Erkinharju skulle treffa mykje mindre. Deltakarane fekk poeng ut frå kor tett på det gule feltet i midten pilene deira hamna, og ekstra stas var det for formann Terje Bakke denne dagen. Norsk Bueskytterforbund registrerer nemleg norske rekordar, og Bakke slo den gjeldande rekorden i 50+-klassen (skyttarar over 50 år) med 5 poeng!

LES OGSÅ: Til sommaren skal Kvinnherad Bogeskyttarklubb arrangera NM

Taisto Erkinharju (t.v.) og Atle Helland tel og noterer ned poeng etter ein runde med skyting.

Taisto Erkinharju (t.v.) og Atle Helland tel og noterer ned poeng etter ein runde med skyting.

Resultata etter stemnet blei slik for deltakarane frå Kvinnherad:

KLASSAR UTAN SIKTE

Instinktiv:

1. plass: Terje Bakke (535 poeng)

2. plass: Frank Johnsen (506 poeng)

Langboge:

2. plass: Hans Dieter Gertz (386 poeng)

Barbow:

John Arild Medhaug (521 poeng)

KLASSAR MED SIKTE

Compound 1:

1. plass: Atle Helland (570 poeng)

Compound 2:

1. plass: Terje Haugen (555 poeng)

3. plass: Taisto Erkinharju (513 poeng)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags