I alt deltok fire kvinnheringar på dette bogeskyttarstemnet, Frode Aakre kom på sjette plass, Terje Bakke på åttande og Taisto Erkinharju på ellevte plass. Kvinnheringane gjorde det ikkje fullt så godt på søndagen, men både Atle Helland og Frode Aakre sikra seg plassar blant dei 10 beste. I alt deltok nær 60 skyttarar frå Sør-Norge på årets Krystallstevne.

Det neste store stemnet skal gå føre seg i Kvinnherad helga 9. til 10. april, fortel Helland. Skytinga skjer då i Tveitedalen med deltakarar frå heile Sør-Norge, deriblant Per Ivar Pahlm frå Bergen, som i fjor kunne titulera seg som landets første verdsmeister i bogeskyting.