Flotte prestasjonar på bogeskyttarstemne

Atle Helland tok førsteplassen under laurdagens bogeskytingskonkurranse på Krystallstemnet i Stavanger. Kvinnheringane Terje Haugen og Taisto Erkinharju fekk også flotte plasseringar denne dagen. (Foto: Bow Schumann Olsen).

Atle Helland tok førsteplassen under laurdagens bogeskytingskonkurranse på Krystallstemnet i Stavanger. Kvinnheringane Terje Haugen og Taisto Erkinharju fekk også flotte plasseringar denne dagen. (Foto: Bow Schumann Olsen).

Artikkelen er over 1 år gammel

Tre kvinnheringar markerte seg under Krystallstemnet i Stavanger i helga som var, og tok med seg fine premiar for 1., 3. og 4. plass etter bogeskytinga på laurdagen.

DEL

I helga blei det 38. «Krystallstemnet» arrangert i Stavanger idrettshall. Det er eit årleg, innandørs bogeskyttarstemne, og tre kvinnheringar frå Kvinnherad buejegerklubb skaut for Bergen bueskytterklubb. Laurdagen skaut deltakarane i fleire puljer, og i to klassar: «compound» og «recurve». Deltakarane er delt inn i klassane ut frå kva type boge dei konkurrerer med. Vanlegvis skyt ein på 18 meter på innandørs, men på dette stemnet skaut deltakarane på 50 meter, på same måten som i utandørsstemne. Kvinnheringane Atle Helland, Terje Haugen og Taisto Erkinharju deltok i compound-klassen. Atle tok førsteplassen, medan Terje hamna på tredje, og Taisto på fjerde. Søndagen var det individuell skyting. Resultata for kvinnheringane blei ikkje like bra her, men dei var nøgde med skytinga.

– Dette er ei veldig grei oppkøyring for oss som skal delta på NM i Vinstra den andre helga i mars. Der skal eg og Terje Haugen delta. Då også skal vi skyta for Bergen bueskytterklubb, fortel Atle Helland.

Så begynner utesesongen for fullt, og den siste helga i april arrangerer Kvinnherad buejegerklubb nasjonalt stemne. Tidlegare har dette vore arrangert i Tveitedalen, men i år er det flytta til området ved Svartatjødna på Valen for første gong.

– Til dette stemnet kjem det deltakarar frå heile Sør-Norge, som allereie har meldt seg på. Mange brukar dette stemnet som kvalifisering til EM og VM, fortel Helland.

Artikkeltags