Godt gjennomført «generalprøve» til utandørs-NM

Laurdag og søndag var eit trettitals bogeskyttarar samla til 3D-stemne i Tveitedalen på Utåker i regi av Kvinnherad Bogeskyttar-klubb.

DEL

Løypa var lagt i omlag same område som NM skal arrangerast i om vel tre månadar. Då er det venta rundt 150 skyttarar til Kvinnherad. Stemnet denne helga samla skyttarar frå heile Vestlandet, også nokre av landets beste skyttarar som til vanlig er å finna på landslaget, deltok. Dei ville nok bruka sjansen til å få eit nærmare innsyn i NM-traseen og også prøva å klara VM-kravet, for såleis å kvalifsera seg til VM i Canada til hausten.

Det blei skote både med og utan sikte, compound-klasse med sikte (raske, kraftige bogar) og tradisjonell/instinktiv-klasse utan siktemidlar.

Og at dei lokale skyttarane ikkje blir listefyll i NM, fekk vi klare prov på denne helga. Frank Johnsen viste flott skyting på søndagen og vann instintiv-klassen, medan Atle Helland vann compound-klassen begge dagar.

Mest gledeleg av alt var kanskje alle dei gode tilbakemeldingane arrangøren fekk frå dei tilreisande. «Den beste 3D-løypa vi har gått» var ord som vart nytta frå tilreisande. Såleis er det greitt å vita at løypetraseen og oppsett av løypa held mål til eit NM-arrangement. Ein annan ting som gjorde denne helga fullkommen, var alle frivillige som stilte opp. Både laurdag og søndag morgon klokka seks stilte fire damer opp og laga kjempeflott frukost til deltakarane, i tillegg til kiosksal og varmmat heile helga. Når ein i tillegg har godt samarbeid med IL Ternen med blant anna leige av Ternebu, og positive grunneigarar, blir alt så mykje enklare. Med andre ord: Generalprøven til NM var absolutt tilfredsstillande!

Kvinnherad Bogeskyttarklubb

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags