Nora og Emma Karina gler seg til å lesa bøker i sommar

Artikkelen er over 1 år gammel

Lange køar forma seg utanfor bokbussen då den besøkte Undarheim skule fredag. Det sjeldne besøket var for å få ungane med på «Sommarles»-kampanjen.

DEL

Ein skulle nesten tru det var Marcus & Martinus som var inni bokbussen som besøkte skuleplassen til Undarheim på fredag, for spente ungar kom springane frå alle kantar. Forklaringa er nok både at mange elevar likar å lesa og gledde seg til å låna bøker, men òg at bokbussen er eit sjeldant syn på akkurat denne skuleplassen. Det er fordi elevane på Undarheim har gangavstand til hovudbiblioteket, og ikkje har same behovet for bokbuss-besøk som skulane som ligg lenger vekke. Faktisk var det første gongen bokbussen besøkte Undarheim, og årsaka var at biblioteket vil promotera «Sommarles»-kampanjen sin. Frå biblioteket kom den nye bokbuss-sjåføren Håkon Sletten, Hilde Gry Opheim, som òg er ansvarleg for bokbussen, og barnebibliotekar Susanne Fæhn.

– Det er viktig for oss å få ungane med på denne kampanjen, og derfor driv vi med slik «oppsøkjande» verksemd. For å få barn til å lesa må bokutvalet vera oppdatert og godt, smilte Opheim.

I fjor var dei tilsette på biblioteket òg på besøk på Undarheim i samband med kampanjen, men utan bokbussen.

Lånte spennande bøker

To av Undarheim-elevane som lånte bøker, var venninnene Nora Røssland (10) og Emma Karina Nordøy (10) som begynner i 5. klasse til hausten.

– Vi er veldig glade i å lesa begge to, og likar veldig godt å gå på biblioteket, fortalde Nora.

Dei to hadde faktisk lånt same boka, «Ville dyr i byen» av Jan Christopher Næss.

– Vi elskar dyr og natur, og så hadde denne boka veldig fine illustrasjonar! Eg likar ikkje så godt bøker utan bilde, sa Emma Karina, og Nora var samd.

Emma Karina hadde i tillegg lånt boka Poptropica – Kartmysteriet.

– Eg har lese ei anna bok i same serien, derfor ville eg prøva denne òg.

Dei gledde seg til å vera med på Sommarles-kampanjen, og til å sitja ute og lesa.

Køen var lang, og Hilde Gry Opheim frå Kvinnherad bibliotek (t.h.) fekk det travelt med å låna ut bøker til Undarheim-elevane på bokbussen.

Køen var lang, og Hilde Gry Opheim frå Kvinnherad bibliotek (t.h.) fekk det travelt med å låna ut bøker til Undarheim-elevane på bokbussen.

Artikkeltags