Ny bok: Legane er ikkje som før

Endre Haugen var lege i heile Kvinnherad i 45 år, frå 1934 til 1979. På den tida klarte han å markera seg på ein måte som gjorde at alle som møtte han, hugsa han.

DEL


I boknemnda sit boka Kristian Hus, Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland. Dette er kva trekløveret har å fortelja om boka «Dokter Haugen», som er rett rundt hjørnet:

«Denne veka kjem boka om dokter Haugen (1895–1986). Mange vil hugsa Endre Haugen som ein dyktig, hardtarbeidande, folkekjær og munnrapp distriktslege i Kvinnherad. Han byrja gjerne arbeidsdagen på doktergarden i Rosendal i fem–seks-tida om morgonen, før han reiste ut på pasientbesøk i heile distriktet, også til veglause grender langs fjorden. Som oftast ulasteleg kledd i skjorte, dress og slips.

Slik heldt Haugen på heilt frå han kom til Kvinnherad i 1934. Før det var han distriktslege på Karlsøy i Troms og på Sand i Ryfylke.

Boka om den fargerike dokter Haugen byrja som ein serie på nettstaden uskedalen.no. Ei boknemnd med Kristian Bringedal, Thor Inge Døssland og Kristian Hus har ført arbeidet vidare, mellom anna gjennom samtalar med slekt, tidlegare kollegaer, vener og andre som hugsar Endre Haugen.

Boka er på 200 sider og rikt illustrert med mange bilde. Kristian Hus er utgjevar under namnet Skimtvis, medan Multipleks design har stått for den grafiske utforminga. Dette er den fjerde boka far og son Hus samarbeider om.

– Vi trur både unge og eldre vil ha stor glede av å lesa om den fargerike distriktslegen. Dokter Haugen stod for verdiar som aldri går ut på dato, seier Kristian Bringedal, Thor Inge Døssland og Kristian Hus».


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags