Bokmelding: Den fæle slavehandelen

DEL

«Om ettermiddagen 18. januar blei Samuel Hector, Mikkel og Jacob kledd nakne. Så blei dei kasta i kvar sitt jernbur og heist opp i trea. Utan mat eller drikke hang dei til spott og spe til dei endeleg døydde».

Året er 1759 og sitatet er henta frå Anders Totland si siste bok, «Den norske slavehandelen». Dei hardt prøvde slavane på øya St. Croix i Dansk Vestindia var mistenkte for å planleggja eit opprør. For det venta det dødsstraff. Øya var den gongen under dansk styre, med norske Engebret Hesselberg frå Ringerike som byfut/domar. Det var Hesselberg som dømde dei tre slavane til døden på denne grufulle måten.

Episoden er berre ein av mange som gjekk føre seg både på forta i Afrika, på transporten over Atlanterhavet og i Amerika.

På tusenvis av slavar vart samla/fanga på fort på Gullkysten i den afrikanske Guineabukta. Den ublide lagnaden å enda opp som slavar i Amerika venta dei.

Det mange ikkje veit, og som er sjølve essensen i boka, er at svært mange frå unionen Danmark-Norge deltok aktivt i slavehandelen. Både på slaveforta, på skipa og i koloniane slavane enda opp i. Hesselberg var ein av dei. Ein annan var skipsreiar Jørgen Thormølen frå Bergen. Skipa hans førte varer som vart selde i Afrika. For pengane vart det kjøpt slavar frå forta, som så vart selde vidare i Amerika. Thormølen sine skip var ikkje dei einaste som gjekk i slik fart. Slike var det mange av. Til og med sjøhelten Tordenskiold medverka til den skitne handelen.

Boka omtalar konkrete historier og episodar frå slavhandelen på 1600- og 1700-talet, ispedd innslag av historiske fakta. Vi får også vita korleis det kunne gå føre seg med dei dansk-norske på forta, der fest, fyll og hor var kvardagskost. Med lett penn og godt språk gjer Totland det vanskelege forståeleg.

Det er ei mørk side av norsk historie Totland tar føre seg i boka, ei side ein lærer lite om på skulen. Det er modig gjort av han, men den lange tida som har gått sidan handlingane føregjekk har gjort det lettare å formidla.

Slavehandel av denne sorten er heldigvis eit tilbakelagt stadium.

Til sist i boka rettar forfattaren merksemda mot den moderne slavehandelen, handel og vandel med menneske som vert tvinga av bakmenn til å selja sex eller gjera noko anna som ikkje likar dagens lys. Ein god og tankevekkjande parallell.


Bokfakta:

Tittel: Den norske slavehandelen

Forfattar: Anders Totland

Sjanger: Sakprosa for ungdom

Forlag: Gyldendal


Artikkeltags