«Bondeslaktaren» av Gaute Haugland blei altfor sterk kost

Denne plakaten laga av Gaute Haugland blei stoppa av leiaren i Norges bondelag. (Foto: Kjetil Mehl).

Denne plakaten laga av Gaute Haugland blei stoppa av leiaren i Norges bondelag. (Foto: Kjetil Mehl).

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Les også: Kvinnherad-bønder aksjonerte i Oslo

Kunstverket «Bondeslaktaren» fekk ikkje vera med i demonstrasjonstoget til bøndene i Oslo. Men både kunstnaren sjølv og bestillaren er samde i at ein i alle fall har fått viktig merksemd rundt bondesaka som følgje av «sensuren».

Medlemer i Omvikdalen bondelag var av dei som representerte Kvinnherad-bøndene under den nasjonale aksjonen mot regjeringa sitt tilbod i landbruksoppgjeret tysdag. Laget hadde budd seg godt, mellom anna ved å bestilla eit svært kunstverk av kunstnar Gaute Haugland. Bildet er ein karikatur av landbruksminister Jon Georg Dale (FrP) som held opp ein blodig slaktarkniv.

– Vi hadde gitt kunstnaren eit par hint om kva vi ønskte, men han hadde sjølvsagt kunstnarisk fridom òg. Det var jo eit poeng å spela på at landbruksministaren er utdanna slaktar, fortel Kjetil Mehl i Omvikdalen bondelag.

Men då dei heldt på å montera bildet i Oslo i forkant av demonstrasjonstoget, blei dei stoppa av leiaren i Norges bondelag.

– Han likte bildet, men frykta at det ville ta for mykje merksemd vekk frå resten av bodskapane i toget. Han ønskte difor ikkje at vi skulle bruka det, så då var det berre å montera det ned igjen, fortel Mehl.

Avisa Nationen kom forbi og fekk med seg opptrinnet. Dei laga ei sak på hendinga, men blei spurte om å venta med å publisera til etter at demonstrasjonen var over, noko dei etterkom.

Der og då var gjengen frå det lokale bondelaget både vonbrotne og irriterte over å ikkje få bruka det slåande kunstverket, men i ettertid ser dei at det truleg var noko i frykta til leiaren i Norges bondelag.

– Det har jo blitt ein god del merksemd rundt bildet, både med oppslaget i Nationen og med all aktiviteten i sosiale medium, så sånn sett kan ein seia at vi har fått mykje merksemd på saka. Og det er jo bra, ler Mehl.

Til Kvinnheringen rett i forkant av demonstrasjonen lova dei å markera seg godt, og det klarte dei altså.

– Kva skjer med kunstverket vidare?

– For augneblinken er det i Bergen. Vi har ikkje bestemt oss for kva som skal skje med det, men det er for flott til at vi vil kvitta oss med det. Kven veit, kanskje hamnar det på ein vegg ein eller annan stad, seier Mehl.

– Poenget var å vekkja kjensler

Kunstnaren sjølv, Gaute Haugland, synest det var synd at plakaten hans ikkje fekk vera med i toget. Samstundes er han ikkje så veldig overraska.

– Eg frykta jo at nokon kanskje synest det blei litt i sterkaste laget, men det var då òg poenget med bildet. Kunst skal vekkja kjensler, og det var viktig for meg å få fram kva bøndene føler. Hadde ikkje det vore føremålet, kunne eg like gjerne måla ein rosa bamse, seier Haugland.

På ei anna side har både Omvikdalen bondelag og plakaten til Haugland fått langt større merksemd enn det truleg hadde fått om det hadde fått vera med i demonstrasjonen.

– Bildet av plakaten er på ei lang rekkje Facebook-sider, og nyleg kom det faktisk ei bort til meg på butikken og rosa meg for bildet. Så sånn sett kan ein jo seia at ein har fått sterkt fokus på saka likevel, ler kunstnaren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags