Gule fôrballar til støtte for barnekreft

(Illustrasjonsfoto: Felleskjøpet Agri).

(Illustrasjonsfoto: Felleskjøpet Agri).

DEL

Torsdag 15. februar er den internasjonale barnekreftdagen. I år vil Felleskjøpet Agri, Trioplast og norske bønder visa si støtte til barnekreft ved hjelp av gule rundballar. I 2016 lanserte Felleskjøpet Agri rosa plast til fôrballane til inntekt for brystkreftforskning, og året etter fekk dei rosa rundballane selskap av blå til inntekt for Prostatakreftforskning. I år er altså gul plast til fôrballane det nye, og reknestykket er det same som tidlegare: Norske bønder, Trioplast og Felleskjøpet bidrar med ti kroner kvar per kjøpte/selde rull med plast, som betyr 30 kroner i støtte per rull. Det totale bidraget vil dermed bli på 300.000 kroner, skriv Felleskjøpet Agri i pressemeldinga.

Les også: Lurer du på kvifor desse fôrballane er lyseblå?

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags