Stiller ut maleri i Sjøstova på Borgundøy

AKRYL: Her er Eva Tofte fotografert i gamlehuset på Dyrnes medan ho er i arbeid med eit fargesterkt bilde. (Privat foto).

AKRYL: Her er Eva Tofte fotografert i gamlehuset på Dyrnes medan ho er i arbeid med eit fargesterkt bilde. (Privat foto).

Frå fredag til søndag (14.–16. juni) kan du sjå Eva Tofte (72) si maleriutstilling i Sjøstova.

DEL

Det er andre sommaren på rad at Eva Tofte stiller ut bilde i Sjøstova. Den tidlegare rektoren på Langeland skule på Stord er sterkt knytt Borgundøy. Der har familien eit gamalt hus på Dyrnes som blir mykje brukt om somrane.

Etter at Tofte vart pensjonist har ho dyrka bildekunsten, og til helga stiller ho ut eit tjuetals bilde med motiv frå Sunnhordland, Spania og Lofoten.

– Alle bilda eg stiller ut er nye sidan i fjor, fortel Tofte.

Ho og familien er svært glade i Fjelberg-øyane, og litt av bakgrunnen for å arrangera utstilling er å skapa liv og røre.

– Butikken her er svært viktig, og det er i grunnen den som er gallerist. Det er viktig at det skjer ting her på øyane, seier Tofte.

Under utstillingsopninga fredag vil ho fortelja litt om teknikkar og elles om kor-leis ho arbeider. Tofte brukar akrylmaling, av og til på handlaga papir med struktur.

– Det gøy å mala og det er kjekt å visa fram det ein jobbar med, så eg håpar folk kjem og ser på maleria. Eg kan lova mange ulike bilde – nokre med varme fargar, andre er kjølige, seier Tofte om salsutstillinga.

I tillegg til utstillinga på Borgundøy i fjor, har Eva Tofte også hatt bilde med i utstilling i regi av Stord Kunstlag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags