Feira Harry Potter på biblioteket

Fredrik Saghaug Eikeland (11) tok Harry Potter-quiz.

Fredrik Saghaug Eikeland (11) tok Harry Potter-quiz.

Artikkelen er over 1 år gammel

I år er det 20 år sidan den første boka om Harry Potter kom ut, og det meinte dei tilsette på Kvinnherad bibliotek at var vel verdt ei feiring.

DEL

Dei tilsette på bibliotek på Husnes er flinke til å finna på sprell, til glede for små og store brukarar.  Onsdag var det eigen Harry Potter-dag, med ulike aktivitetar for ungane som var innom. Fantasy-bøkene skrive av den britiske forfattaren J.K. Rowling er svært populære både for ungar og vaksne, og handlar om den foreldrelause guten Harry Potter som finn ut at han eigentleg er trollmann. Bokserien følgjer Harry på skulen for hekseri og trolldom, Galtvort, og kampen hans mot den vonde trollmannen Voldemort som drap foreldra til Harry. Bøkene er også filmatiserte.

Gode bøker

Barne- og ungdomsbibliotekar Susanne Fæhn er sjølv veldig begeistra for Harry Potter, og både ho og biblioteksjef Trude Hege Bergesen meiner bøkene godt kan løftast fram igjen og få ein «renessanse».

– Dei treng å gjenoppdagast for nye generasjonar, for det er gode, tidlause bøker som tar opp viktige tema som til dømes venskap og anti-rassisme. Harry Potter er den utvalde, men han treng venene sine, fortel Susanne ivrig.

Ho las høgt frå ei av bøkene til dei som ville høyra på.

– Vi har ikkje lest bøkene før, men etter å ha høyrt på høgtlesinga fekk vi lyst, sa Ingri (9) og Andreas (7) Fatland.

Barne- og ungdomsbibliotekar Susanne Fæhn las høgt frå ei av Harry Potter-bøkene. Her sit f.v. Andreas Fatland, Ingri Fatland, Sofie Eikeland Teigen og Fredrik Saghaug Eikeland og lyttar.

Barne- og ungdomsbibliotekar Susanne Fæhn las høgt frå ei av Harry Potter-bøkene. Her sit f.v. Andreas Fatland, Ingri Fatland, Sofie Eikeland Teigen og Fredrik Saghaug Eikeland og lyttar.

Sofie Eikeland Teigen (5) laga sin eigen trollstav. Her saman med tilsett Hilde Gry Mæland Opheim.

Sofie Eikeland Teigen (5) laga sin eigen trollstav. Her saman med tilsett Hilde Gry Mæland Opheim.

Ungane kunne også få laga sin eigen trollstav, og Fredrik Saghaug Eikeland (11) var ein av dei som prøvde seg på quiz.

– Spørsmåla er ikkje så veldig vanskelege. Eg har lese første til fjerde boka, og no held eg på med den femte, men det er ikkje alt eg hugsar, så eg må bla litt av og til for å finna svaret, sa Fredrik, og la til at det er veldig kjekke bøker.

– Favorittkarakteren min må vel vera Harry. Det beste med han er at fienden hans Voldemort aldri klarar å ta han! Eg har også sett éin av filmane, den var veldig kjekk.

Dei tilsette Susanne Fæhn, Trude Hege Bergesen og Hilde Gry Mæland Opheim hadde kledd seg ut som hekser for høvet, og ungane som hadde kledd seg ut var med i trekninga av fine premiar.

Ingen tvil om at dei tilsette på biblioteket har det moro på jobb! Her ser du f.v. Susanne Fæhn, Hilde Gry Mæland Opheim og Trude Hege Bergesen utkledd som hekser.

Ingen tvil om at dei tilsette på biblioteket har det moro på jobb! Her ser du f.v. Susanne Fæhn, Hilde Gry Mæland Opheim og Trude Hege Bergesen utkledd som hekser.

Artikkeltags