Programmerer eigne dataspel

Kodeklubben «Lær kidsa koding» breier om seg i landet. Karl Petter Vårdal har starta ein lokal klubb på Husnes.
Publisert
DEL

Fire tysdagar på rad no har datainteresserte barn samla seg i SFO-bygget ved Undarheim skule. Med seg har dei eigen pc, og målet er å læra å bruka denne på ein noko annan måte enn folk flest brukar den.

– Vi omgir oss med elektronikk på alle kantar i dag, men få tenkjer over korleis den eigentleg fungerer. Vi ønskjer å tenna ein gnist i barna sånn at dei skal få lyst til å finna meir ut om det som ligg bak skalet, seier Karl Petter Vårdal, som har teke initiativ til å starta Kodeklubben Kvinnherad.

Han var med då Tjerand Slide frå den nasjonale kodeklubben heldt programmeringskurs for vaksne og barn i Herøysundet i vår. Dottera Linneah (11) fekk til si store fortviling ikkje plass på barnekurset, då dette var svært populært. Pappa Vårdal viste henne kva dei hadde lært etterpå, og dei to bestemte seg for å prøva å starta ein lokal klubb.

– Etter kurset i vår skjedde det ikkje så mykje meir, så då tenkte eg at eg kunne prøva å setja i gang noko. Førebels er eg einaste vaksne med, men eg håpar fleire har lyst til å bidra, seier han.

Karl Petter Vårdal har teke initiativ til å starta opp Kodeklubben Kvinnherad. Her hjelper han Aleksander Larsen (9), som lagar eit elektronisk julekort med Scratch-programmet.

Karl Petter Vårdal har teke initiativ til å starta opp Kodeklubben Kvinnherad. Her hjelper han Aleksander Larsen (9), som lagar eit elektronisk julekort med Scratch-programmet.

No i starten lærer ungane, samt dei foreldra som er med, å bruka programmeringsprogrammet Scratch. På tysdag som gjekk laga dei kvar sine elektroniske julekort. Når éi oppgåve er løyst, venter nye utfordringar. Og nivågradene er ulike, så ein kan få oppgåver tilpassa sitt eige nivå.

– Sist gong laga vi eit dataspel, Astrokatt. Den skulle fanga mus. Det var veldig kjekt, smilte Thea Emilie Vatterdal Markhus (9) og Emilia Kleven Volden (9).

Lego-robot

Stig Atle Sunde, som til dagleg jobbar i iDrift, var på kurset tysdag i lag med sonen Lukas Aleksander (10).

– Kodeklubben er eit kjekt og viktig tiltak som vi i iDrift stiller oss bak. Som Karl Petter nemnte er det viktig å kunna forstå litt meir av korleis tinga vi omgir oss med faktisk fungerer, og dette med programmering blir like viktig som engelsk og matte etterkvart. Ein dag tar olja slutt, og då skal vi òg leva av noko, påpeiker han.

Lukas Aleksander Sunde (10) og pappa Stig Atle Sunde hadde med seg ein EV3-robot frå serien Lego Mindstorm.

Lukas Aleksander Sunde (10) og pappa Stig Atle Sunde hadde med seg ein EV3-robot frå serien Lego Mindstorm.

Karl Petter forklarte at ungane mellom anna lærer feilsøking, og at dei med det får utvikla sin logiske tankegang.

– Dessutan gir det ei stor meistringskjensle når ein har klart å løysa ei oppgåve, sa han.

Stig Atle og Lukas Aleksander hadde tysdag med seg ein EV3-robot frå serien Lego Mindstorms, som dei viste fram til dei andre på kodeklubben.

– Med denne får ungane eit unikt høve til å læra seg å programmera. På  internett finst mange gode tips til korleis ein kan programmera den til å gjera ulike ting, og den er faktisk teke inn som ein del av undervisinga i enkelte skular i landet, fortalde Stig Atle.

Lukas Aleksander fekk roboten for to år sidan, då han var åtte.

– Han hadde då eit klart mål om at roboten skulle gjera leksene for han. Der blei han litt skuffa. Men har har ikkje gitt opp å læra den betre opp, smilte faren.

Både Karl Petter og Stig Atle var klare på at dataprogrammering har ein altfor liten plass i skulen i dag.

– Eg har faktisk etterlyst litt informasjon frå ordføraren om korleis det ligg an med it-undervisinga i skulane i Kvinnherad. Til å vera ein så stor del av kvardagslivet vårt er det skræmande at ikkje data og programmering er høgare prioritert i undervisinga, meinte Karl Petter.

Han oppmoda elles skulane til å melda seg på Kodetimen 2016, ein ferdig tilrettelagt skuletime med programmering, som skal gjennomførast andre veka i desember.

– Læraren treng ikkje ha erfaring med programmering, og elevane får oppleva at dei kan læra å meistra datamaskinen som eit kreativt verktøy, forklarte han.

Kodetimen er ein stor nasjonal dugnad for å tilby elevar og lærarar i Norge høvet til å prøva seg på programmering.

Veninnene Emilia Kleven Volden (9, t.v.) og Thea Emilie Vatterdal Markhus er av dei som storkosar seg på kodeklubb.

Veninnene Emilia Kleven Volden (9, t.v.) og Thea Emilie Vatterdal Markhus er av dei som storkosar seg på kodeklubb.

Linneah Tveit Vårdal (11) vart skuffa då ho ikkje fekk plass på kodekurset i vår, men er veldig nøgd med at ho og pappa Karl Petter Vårdal no har starta kodeklubb i Kvinnherad.

Linneah Tveit Vårdal (11) vart skuffa då ho ikkje fekk plass på kodekurset i vår, men er veldig nøgd med at ho og pappa Karl Petter Vårdal no har starta kodeklubb i Kvinnherad.

I tillegg er det då altså høve til å bli programmerarar hjå Karl Petter på tysdagar.

– Vi håpar fleire vil vera med, både vaksne til å styra og barn til å delta. Tilbodet er gratis, men elevane må ha sin eigen pc. Skulen har òg nokre til utlån til kurset, forklarte han.

Han oppmoda elles andre bygder til å følgja etter.

– Det krevjast ikkje mykje for å etablera ein kodeklubb. Ein treng ein stad ein kan sitja med pc, der det er tilgang på internett. Forkunnskapen til den vaksne som leiar treng ikkje vera veldig stor, for det finst gode instruksjonar på internett, oppmoda Vårdal.

Kodeklubben Lær kidsa koding

Stifta: 2016 her lokalt, 2013 nasjonalt

Bygd: Husnes

Føremål: Arbeida for at barn og unge skal læra å forstå og meistra si eiga rolle i det digitale samfunnet. Ungane skal ikkje berre bli brukarar, men òg skaparar med teknologien som verktøy.

Styret: Ingen lokalt styre (enno), men Kodeklubben Kvinnherad er ei underavdeling av den nasjonale klubben. Karl Petter Vårdal er initiativtakar.

Artikkeltags