Artig framsyning om toalettbesøk for dei minste

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag blir det ei fargerik og fartsfylt framsyning på Kvinnherad bibliotek: «Hva er det for no’ i do, mon tro?».

DEL

Framsyninga tar for seg noko så daglegdags som toalettbesøk, men for barn opp mot fem og seks årsalderen kan det vera ein litt komplisert affære. I pressemeldinga frå biblioteket står følgjande om handlinga:

Alma skal i bursdag, men får beskjed av mor si om at ho ikkje får lov til å gå før ho har tissa. Det mora ikkje veit, og som gjer det heile ganske komplisert, er at det bur eit monster i do! Det har Alma sett med eigne auge, og ho har faktisk ikkje noko lyst til å bli biten i rumpa. Heldigvis for Alma er dette dagen då Dr. Do bestemmer seg for å dukka opp.

Manuset er utarbeidd i samarbeid med psykolog, forskar og fagutviklar Solfrid Raknes, og tar i bruk fagstoffet hennar om positiv tenking.

Framsyninga er fargerik, fartsfylt og morosam, med mykje musikk og song, og eit stort fysisk språk. Den tar ein daglegdags situasjon og snur den på hovudet, og gjennom leik og fantasi får barna også læra litt om korleis dei kan byggja opp seg sjølv ved å tenka gode tankar.

Om aktørane:

Framsyninga er skriven, produsert og spelt av Pia Aamodt-Løken og Lisa Uhlen. Pia Aamodt-Løken er utdannet ved Bårdar Akademiet i Oslo og Teaterhøgskulen i Nord-Trøndelag. Ho har gjort fleire turnear i Den Kulturelle Skulesekken med workshop-framsyninga Drive, og i 2016 turnerte ho med Jul i Blåfjell, der hun spelte rolla som Rødnissejenta.

Lisa Uhlen er utdanna ved Bårdar Akademiet og har spelt i Børning 2, og NRK si nye storsatsing for 2018, tv-serien Hjemmebane. I 2016 gjorde ho fleire turnear som fantasifiguren Raria Rusk i framsyninga Maja & Raria Rusk – Jakta på den forsvunne tannbørsten.

Ingvild Marie Lien er regissør for framsyninga. Ho er utdanna skodespelar ved teaterskulen ALRA i London, og har dei siste 16 åra spelt i fleire teater-, TV- og filmproduksjonar.  Ingvild driv teaterkompaniet Memento, som brukar eit scenespråk som baserer seg på samtidskultur med bruk av rørsler i ein dynamisk symbiose med musikk, film, design og tekst, og Ingvild Lien er kjent for si rørslebaserte teaterform.

Kjekt haustprogram:

Framover mot jul er det meir å gle seg til på biblioteket. Her er haustprogrammet:

•Måndag 16. oktober: Bildekåseri med lokal naturfotograf Jan Rabben

•Onsdag 18. oktober: Forteljarteater med Johanne Øvstebø Tvedten

•Tysdag 31. oktober: Halloween-feiring for barn, med eventyrstund, hobbyverkstad med meir

•Laurdag 4. november: Konsert for barn: «Dyriske strofer»

•Måndag 6. november: Barneframsyninga «Adele Duus: Farfars bombekrater»

•Tysdag 7. november: Konsert for barn: «Morgonfrosken»

•13.–19. november: Nordisk bibliotekveke med temaet «Øyer i norden». Høgtlesing for barn og vaksne, quiz, skattejakt

•Laurdag 25. november: Juleteateret «Tre bøtter til Vaskepott»

•Desember (dato kjem seinare): Juleverkstad

Forutan dette er det faste møte i bokringane, og «Strikk og lytt» rundt éin gong i månaden.

Artikkeltags