Fekk prøva seg som pizzamakar

Silje Christine Espevik Skarveland (14) frå Husnes ungdomsskule fekk måndag prøva seg som pizzamakar ved Peppes Pizza, ein dag ho hadde ønskt seg gjennom MOT draumedag. Her blir ho rettleia av Sandra Haugland.

Silje Christine Espevik Skarveland (14) frå Husnes ungdomsskule fekk måndag prøva seg som pizzamakar ved Peppes Pizza, ein dag ho hadde ønskt seg gjennom MOT draumedag. Her blir ho rettleia av Sandra Haugland. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Silje Christine Espevik Skarveland (14) fekk oppfylt ønsket då ho søkte MOT om å få jobba ein dag på Peppes Pizza.

DEL

– Ein gong eg åt her med familien min, tenkte eg at det såg veldig kjekt ut å jobba her. Difor søkte eg MOT draumedag om lov til å få prøva, seier Silje Christine Espevik Skarveland frå Utåker.

Ho er elev i 9. klasse ved Husnes ungdomsskule, men måndag fekk matematikk vera matematikk og norsk vera norsk, for då var 14-åringen oppteken med å laga pizza til Peppes-kundar.

– Eg synest det er kjekt å laga enkelte typar mat, det hender eg lagar mat heime, forklarer ho.

Kor vidt pizzalaging endar opp med å bli yrket hennar, var ho litt usikker på.

– Eg anar ikkje kva eg vil bli enno. Eg har rett og slett ikkje bestemt meg, avslørte Silje Christine.

I tillegg til matlaginga, hjelpte ho til med rydding, vasking av bord og stolar, stearinlystenning og elles det som skulle gjerast.

– Veldig hyggeleg å ha litt ekstra hjelp, smilte Sandra Haugland og Karoline Johnsen ved Peppes Pizza.

Artikkeltags