Neste helg kan du sjå trommetalentet Johannes (11) og fleire andre dyktige, unge musikarar «live» i kulturhuset

Neste laurdag (8. september) bør du få med deg Johannes si imponerande trommespeling i kulturhuset under "Den store jubelkonserten"

Neste laurdag (8. september) bør du få med deg Johannes si imponerande trommespeling i kulturhuset under "Den store jubelkonserten"

Artikkelen er over 1 år gammel

I juni gjekk videoen av Johannes Rørvik Grov (11) som spelte Metallica-låtar viralt. Neste laurdag kan du sjå han og fleire andre flinke kulturskule-elevar opptre live.

DEL

Som Kvinnheringen har skrive tidlegare, blir det ein festdag på Husnes på laurdag 8. september. Då skal ein gjera ekstra stas på årets vinnarar av Kulturprisen (Eli Haugan), kulturstipend (Torstein Lund Eik) og frivilligprisen (Geir Atle Vangsnes).

Men etter at dei vaksne har fått heider og ære, er det tid for at unge talent skal få skinna:

På dagtid laurdag blir det gratiskonsert, der desse dyktige elevane frå kulturskulen skal visa seg fram:
fiolinist Vibeke Escher, pianist Jan Halvor Postigo Moss, og det yngste marimba-bandet Michero Marimba.

Fiolinist Vibeke Escher, her under Rosendal Kammermusikkfestival.

Fiolinist Vibeke Escher, her under Rosendal Kammermusikkfestival.

Jan Halvor Postigo Moss, her på årets UKM.

Jan Halvor Postigo Moss, her på årets UKM.

Michero Marimba, her frå årets Husnesdagar.

Michero Marimba, her frå årets Husnesdagar.

I juni fekk Johannes Rørvik Grov (11) mykje merksemd. Videoen av at han speler trommesnuttar frå alle låtane i Metallica sin diskografi var då sett av over 110.000 på Youtube. Laurdag kveld, på kveldskonserten, skal Johannes spela Metallica saman med kulturskulelæraren sin Maurício Weimar.

– Gå ikkje glipp av sjansen til å sjå desse flinke ungdommane i sving! lokkar Veronica Thorkildsen Thorsen på Kvinnherad Frivilligsentral, som står for arrangementet Den store jubelkonserten saman med Kulturhuset Husnes og kulturkontoret i kommunen.

Artikkeltags