Undarheim-elevar blir operasongarar

Instruktør Ann-Terese Aasen frå Bergen Nasjonale Opera var imponert over innsatsen frå elevane.

Instruktør Ann-Terese Aasen frå Bergen Nasjonale Opera var imponert over innsatsen frå elevane.

Fredag hadde sjuandetrinnet på Undarheim skule opera på timeplanen.

DEL

Med song, spel og dans er Grimm-eventyret «Hans og Grete» i ferd med å bli skapt i ein ny versjon. Premieren er 3. november på Husnes, og på scenen står elevane på sjuandetrinnet ved Undarheim skule, side om side med profesjonelle songarar frå Bergen Nasjonale Opera (BNO).

Det er den fantasifulle og fargerike operaversjonen med musikk av Engelbert Humperdinck som skal framførast.

Bak prosjektet står BNO, og fredag var regiassistent Ann-Terese Aasen på Undarheim for å instruera elevane. På førehand hadde dei unge operasongarane øvd inn songane, og meir øving på eiga hand blir det i tida fram til førestillinga. Aasen instruerte først og fremst i koreografi.

– Dette var kjempekjekt, konkluderte sjuandeklassingane Annie Kloster og Szymon Jachacy med etter å ha øvd nokre timar med Aasen på fredag.

Elevane Annie Kloster og Szymon Jachacy trivst i rollane som englar i «Hans og Grete»-oppsetjinga. Lærar Anja Njøten skal halda tråden i det fram til visninga 3. november.

Elevane Annie Kloster og Szymon Jachacy trivst i rollane som englar i «Hans og Grete»-oppsetjinga. Lærar Anja Njøten skal halda tråden i det fram til visninga 3. november.

Begge er syngjande og dansande englar i førestillinga.

– I dag har vi lært mykje, for eksempel det å halda på det rette ansiktsuttrykket, fortel Annie.

Szymon er heilt einig i at dette var ei god øving.

– Eg trur alt kjem til å bli veldig bra før vi går på scenen 3. november.

Vestlandsturné

BNO har vald ut Undarheim skule som ein av åtte på Vestlandet til å framføra operaversjonen av «Hans og Grete». Dei profesjonelle songarane i hovudrollane går igjen, men elevane er nye for kvar av dei åtte framføringane.

– Er du fornøgd med innsatsen?

Spørsmålet går til instruktør Aasen og gjeld Husnes-elevane.

– Absolutt! Elevane er både ivrige og flinke, dessutan lærer dei fort, rosar instruktøren frå BNO.

Neste gong Undarheim får instruktør på besøk er framsyningsdagen. Då er det planlagt ein generalprøve før publikum slepp til.

– Trur du elevane kjem i mål?

– Det er eg heilt sikker på. Men vi er sjølvsagt avhengige av at lærarane også gjer ein jobb med elevane i mellomtida. Her på Undarheim ser det ut til å gå fint.

Spenning

Eventyret om Hans og Grete er både spennande, skummelt og vakkert.

For dei som ikkje heilt hugsar handlinga frå originalmanuset til Brødrene Grimm, tar vi ei lita oppsummering.

Hans og Grete er eit søskenpar som bur saman med far sin og ei vond stemor. Tidene er tøffe, og stemora meiner at borna må setjast ut i skogen for å klara seg sjølv. Etter eit par forsøk lykkast prosjektet. Søskenparet går seg vill og hamnar til slutt ved eit hus laga av brød, kaker og sukker. Inni huset bur ei skummel, menneskeetande heks som tar borna til fange. Men Hans og Grete klarer å lura heksa og kan fara heim igjen, nedleste av godsaker og skattar frå heksehuset. Vel heime finn dei far sin åleine. Stemora har døydd i mellomtida. Dermed ligg alt til rette for gode dagar for søskenparet og faren.

– Dette kjem til å bli ei flott og underhaldande førestilling, forsikrar Aasen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags