I år blir det igjen mogleg å springa av seg ribbefeittet i Husneshallen. For etter to års fråvær er Trio endeleg tilbake med sin tradisjonsrike romjulscup i fotball 2. og 3. juledag.
– Det blir romjulscup i år, det blir det. Endeleg. Men det at vi skal arrangera cup i år er òg den einaste informasjonen eg har akkurat no, seier Svein Jarle Mo i IL Trio.
Idrettslaget er på god veg til å setja saman ein arrangørkomité som skal stå for gjennomføringa av den to dagar lange cupen.
– Det blir ikkje ei utfordring å arrangera sjølve cupen, men etter to år utan så ser vi at det kan bli ei utfordring å få tilbake den kulturen og det engasjementet som har vore hos spelarane. Det å få folk til å melda på lag blir den største utfordringa vår, seier Mo.

Trio har store planar for idrettsparken: – Eit skrikande behov for ny bane
Tradisjonsrik
Sjølv arrangementet blir i grove trekk likt som det alltid har vore. Men komiteen ser på moglegheita for å få inn litt nytt.
– Vi ser på om vi kan endra litt på programmet slik at vi kan tilby litt nye ting i eit allereie etablert arrangement, utan at det skal gå på kostnad av det tradisjonelle. Vi har eit par konkrete idear som vi jobbar med, men fyrst og fremst så blir det den tradisjonsrike romjulscupen som folk kjenner godt, seier Mo.
Det er heldigvis lenge til julestrida er over oss, likevel har Trio allereie byrja å sjå på korleis dei vil løysa romjulscupen 2023.
– Då har vi moglegheita til å ta i bruk ein større hall, og kan med det tenkja heilt nytt. Så vi er i gang med å sjå på kva vi kan få til der, men har ikkje landa noko endå. Det kan vera vi prøver noko nytt, men det kan òg henda at vi berre held på det som har fungert, seier Mo og skyt inn:
– Fyrst ut er årets cup, og folk må berre byrja å planlegga og laga seg lag.
