Flinke bosryddarar frå KVV

Denne flittige gjengen rydda bos i strandsona i Bogsnes-området.

Denne flittige gjengen rydda bos i strandsona i Bogsnes-området.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Tysdag var rundt 300 KVV-elevar i aksjon med å rydda bos i strandsona ulike stader. Det vart rydda på Valøya, i Bogsnes-området, i Prestnes, langs Opsangevatnet nedanfor KVV, og langs Opsangersneset.

Medan mange tredjeklassingar sveitta med å rydda opp i tankerekkjene under eksamen, var første- og andreklassingane altså ute i solsteiken og sveitta med å rydda bos.

Kvinnheringen møtte på ein KVV-gjeng frå helse og oppvekst i Bogsnes. Dei rapporterte at det ikkje var så mange store saker og ting å finna, men desto meir av alskens smått plastavfall som snusboksar, Q-tips, bitar av plasttau, bitar av blank plast, sugerør og restar av ballongar. Dei flinke bosplukkarane brukte eit par timar på å plukka opp bitar av slikt avfall som me alle må bli flinkare til å ha kontroll på: Anten ved å levera til resirkulering, eller kasta i restavfall.

Artikkeltags