Brann i bustad på Husnes: Har sett 300 meters sikkerhetsgrense

Brann i hus på Husnes.

Brann i hus på Husnes. Foto:

DEL


Naudetatane rykte måndag, rundt halv fire, ut til brann i ein bustad i Kleivaveien på Husnes.

Alle skal vera ute av huset, og brannvesenet er framme på staden og har starta arbeidet sitt, skriv 110 Hordaland på twitter.

Ber folk halda seg vekke

Kvinnheringen sin journalist på staden opplyser at politiet har klarert området grunna mogeleg eksplosjonsfare frå propangass.

Ruben Medhus i Kvinnherad brann og redning fortel til Kvinnheringen at alle privatpersonar i området er evakuerte.

– Huset er overtent og vi jobbar no med utvendig sløkking. Alle er ute av huset, og naboar er evakuerte.

Politiet på staden oppfordrar folk om å halde seg vekke frå området grunna eksplosjonsfaren knytt til propangass og ammunisjon som skal vera på adressa.

–Det er sett ei 300 meters sikkerhetssone, opplyser politibetjent Kjetil Sæle.

Han oppmoda også skodelystne om å halda seg vekke og ikkje gå i vegen for brannvesenet.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags