Brann i hus på Seim

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto:

DEL


Klokka 06.23 melde Vest politidistrikt på sin Twitter at det var ettermeldt om branntilløp i eit golv i Rosendal.

Brannmannskap var på staden. Det blei ikkje meldt om alvorlege personskadar eller store materielle skadar.

Ifølgje Sigurd Børve ved Kvinnherad Lensmannskontor skal brannen ha skjedd i ein bustad på Seim, og dei som budde der hadde sjølv sløkt brannen.

Brannmannskap var på staden for å kontrollera sløkkjearbeid, og hendinga skal ha vore udramatisk.

Lokalt politi følgjer opp saka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags