Gå til sidens hovedinnhold

Brann kraftig i bustadhus i Uskedalen – fekk kontroll før den spreidde seg

Søndag føremiddag brann det kraftig i ei leilegheitsrekke i Uskedalen.

Oppdatert!

Det melde Vest politidistrikt på Twitter søndag føremiddag. Meldinga om brannen blei motteken klokka 10.22.

– Det skal brenna i ei leilegheitstrekke på åtte leilegheiter. Leilegheit som brenn skal vera på enden, skreiv politiet.

Politiet melde vidare at sløkking var i gang, men at det var ein kraftig brann, og at ein prøvde å hindra spreiing til naboleilegheit.

Ingen skal vera skada, ifølge politiet sin Twitter-konto.

Klokka 11.45 melder Kvinnheringen sin utsende på staden at sløkking framleis pågår, men at brannen ser ut til å vera under kontroll.

Klokka 12.36 fortalde Thomas Hallquist ved brannvakta at brannen no er meldt sløkt, og at det no pågår ettersløkking.

Kommentarer til denne saken