Gå til sidens hovedinnhold

Brann ved Ænes Inkubator

Fredag ettermiddag braut det ut ein brann ved Ænes Inkubator, settefiskanlegget som er under bygging på Ænes.

Furebergtunnelen på fylkesveg 500 blei stengd på grunn av brannen, men opna igjen etter ein liten time.

Vest politidistrikt skreiv på Twitter at det var brann i plastprodukt, og at det var mykje røyk. Kvinnherad brann og redning hadde mange folk i sving på staden.

– Vi ber skodelystne og andre i området om trekka seg godt unna, åtvara politiet.

Klokka 13 skreiv politiet at ti personar hadde blitt eksponerte for røyk, tre av dei meir enn dei andre. Personane fekk tilsyn av helsepersonell på staden.

– Røyken kan ha utvikla tre farlege gassar etter brann i plasten. Vi ber derfor folk om å melda seg for politiet om dei har fått i seg røyk, melde operasjonssentralen.

Rundt klokka 13:30 melder brannsjef i Kvinnherad brann og redning, Atle Josdal, til Kvinnheringen at ein trur ein har kontroll på brannen.

Les også

Måtte fjerna stein frå vegbanen

TIPS OSSTelefon: 53 48 21 45 E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kommentarer til denne saken