Giftar seg på heimebane

HEIA BRANN: Paret, som i helga blir mann og kone, deler lidenskapen for Brann.

HEIA BRANN: Paret, som i helga blir mann og kone, deler lidenskapen for Brann.

Dei to ihuga brannsupporterane, Ove Olsen og Unni Karin Nordås frå Husnes, skal fredag 5. juli gje kvarandre sine ja. Det skal skje på ein heilt spesiell måte.

DEL

I helga har Ove Olsen og Unni Karin Nordås invitert kjende og kjære til Bergen for å feira kjærleiken. Og det med ein litt spesiell vri. Det fotballglade paret ville ikkje ha ei A4-vigsle, men noko dei kunne tenka tilbake på lenge. Då fall valet på Brann Stadion.

– Vi er faktisk dei aller første til å gjennomføra eit bryllaup der, smiler Ove.

Paret har vore saman i 18 år, men noko frieri var aldri ein del av planane til brudgommen. Han hadde gitt klar beskjed til Unni Karin at han aldri skulle gifta seg. Men etter sjukdom i nær familie fekk Ove eit heilt nytt syn på kva som var viktig:

– Eg fann ut at eg ikkje vil bli gammal og grå åleine. Ein treng jo nokon å spela ludo saman med, ler han.

Og det til Unni Karin si store begeistring. Då han fridde etter 17 år som sambuarar, for om lag eitt år sidan, var det ho som foreslo Brann som eit alternativ. Brura har alltid vore glad i fotball, og har lenge halde med Brann, men det var då ho møtte Ove at interessa begynte å ta av. Forslaget møtte lite protestar.

Varaordføraren

Men eit bryllaup på stadion såg lenge mørkt ut, og prosessen med å få bryllaupskabalen til å gå opp har ikkje vore enkel:

– Vi måtte jo ha nokon til å vigsla oss, og vi har kava for å få det i hamn, fortel dei.

Men då paret kontakta varaordførar i kommunen, Hans Inge Myrvold, tok det ikkje lange tida før draumen om å gifta seg på Brann sin heimebane blei ein realitet.

– Vi sa vi trong svar rimeleg kjapt, elles måtte vi sjå oss om etter andre stadar vi kunne gifta oss. Han svarte innan to timar, og kalla oss inn til eit møte for å bli litt kjent med oss, smiler dei nøgde.

Både brudekjole og dress blir bytte ut med drakter like etter at paret har gitt sine ja i midtsirkelen. Då blir det bryllaupsmiddag og fest, før Brann–Mjøndalen spelar kamp.

– I november blir det fest i Trio-huset. Då slår vi saman både bryllaup og 60-års dagen min, ler brura.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags