Sjå brannsjefen sine eigne bilde frå Åkra

Av
DEL

Vakthavande brannsjef Ruben Medhus og resten av styrkane til Kvinnherad brann og redning fekk ein usedvanleg travel dag på jobben onsdag.

17.43 melde 110-sentralen om brannen i Åkra på sin twitterkonto. Ifølgje Bergens Tidende oppstod brannen ved ein høgspentstolpe.

Klokka 19.30 melde 110-sentralen at brannvesenet hadde kontroll og at det då blei drive med ettersløkking og dynking av terrenget.

Lensmann Sigurd Børve fortel til Kvinnheringen torsdag at eitt hus måtte evakuerast, og at eitt reiskapshus blei skadd i brannen.

– Med vindforholda som var i går, var dette ingen god situasjon. Brannmannskapet fekk prøvd seg skikkeleg. All honnør til dei og frivillige for jobben. Dette viser kor kritisk tida vi er inne i er, sa Børve til Kvinnheringen torsdag morgon.

Klokka 21.42, seinare same kveld, kom meldinga om brann ved foten av Kaldestadåsen på Husnes. Dermed måtte Kvinnherad brann og redning flytta relativt store ressursar frå Åkra til Husnes på kort tid.

Artikkeltags