Brannutrykking på Halsnøy

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

DEL

110-sentralen melder om røykutvikling i ein kjellar i eit hus i Eidsnesvegen på Halsnøy. Brannen vart meldt 23.14. Ifølgje twittermeldinga som kom litt før klokka 23.30, skal det vera røykutvikling i kjellaren. Det blir òg meldt at alle personar er ute av huset, og at nødetatar er på veg.

23.37 melder 110-sentralen at brannvesenet er framme og gjer klar røykdykkar for innsats.

110-sentralen melder at brannen var sløkt klokka 23.49.

00.23 Melder Vest politidistrikt på Twitter at det hadde vore open eld i eit kjøleskap eller fryseboks. Ingen personskade og mindre materielle skadar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags