Gå til sidens hovedinnhold

Brannmannskapet blei møtt av flammar og tjukk, svart røyk

(Video: Brede Grønningen).

Artikkelen er over 3 år gammel

OPPDATERT: Det brann godt i leiligheten som tok fyr i Borvikstranda måndag ettermiddag, men takka vere kjapp og strukturert jobbing frå mannskapet til Kvinnherad Brann og Redning var brannen under kontroll etter kort tid. Klokka 19.45 var Kvinnherad Brann og Redning framleis på staden, og venta på restverdi-redningsbil frå Haugesund.

Meldinga om brann kom rundt klokka 16.30, og mannskap frå brannstasjonen på Husnes som ligg like ved var kjapt på plass.

– Visste de om det var folk i leiligheten då de kom fram?

– Nei, det var ukjent for oss då vi fekk meldinga. Eg spurde personar på staden, som trudde det ikkje var folk inne, men når vi ikkje får det bekrefta heilt sikkert tar vi ingen sjansar. Derfor sendte vi inn røykdykkarar i begge etasjane, fortel brannsjef Atle Josdal.

Det brann godt i veggen, frå botn av første etasje og til taket i andre etasje.

– Det var ganske utriveleg, og vi blei møtt av tjukk, pulserande svart røyk. Vi måtte be nokre av personane som stod utanfor om å trekkja lenger vekk, for det er mange skumle og usynlege gassar som oppstår i samband med ein slik brann.

Rosar mannskapet

Den nye brannbilen til Husnes brannstasjon har sløkkesystemet «CAFS» (Compressed Air Foam System), som er vatn og skumkonsentrat blanda under trykk.

– Ved hjelp av den nye bilen fekk vi slått ned brannen kjapt, slik at flammane ikkje fekk mykje tilgang på luft. Fordi det brann på innsida av ytterkledninga måtte vi riva delar av veggen for å komma skikkeleg til, og for å vera sikra på at flammane er sløkkte så det ikkje blussar opp igjen.

– Mannskap frå brannstasjonen på Halsnøy blei også kalla ut?

– Ja, så snart vi fekk bekrefta bygningsbrann bad eg alarmsentralen kalla ut mannskapet frå Halsnøy, slik at vi hadde to mannskapsbilar på plass. Og i dag er eg verkeleg stolt av karane, dei jobba knallhardt, var dyktige og strukturerte, og det gjorde at vi fekk teke brannen veldig kjapt slik at leiligheten berre fekk beskjedne innvendige vass- og røykskader, rosar brannsjef Josdal.

Då Kvinnheringen snakka med han klokka 19.45 venta Kvinnherad Brann og Redning på ein restverdi-redningsbil frå Haugesund, medan mannskapet skulle tilbake til stasjonane for å reinsa utstyr slik at det er klart til neste utrykking.

Kommentarer til denne saken