No går vi inn i dei mest brannfarlege månadane

BRANN: I november brann det i kjellaren i ein einebustad like nedanfor Halsnøy skule. Brannsjef Atle Josdal ber folk sjekka røykvarslarane sine når vi no går inn i dei mest brannfarlege månadane. (Arkivfoto).

BRANN: I november brann det i kjellaren i ein einebustad like nedanfor Halsnøy skule. Brannsjef Atle Josdal ber folk sjekka røykvarslarane sine når vi no går inn i dei mest brannfarlege månadane. (Arkivfoto).

Seks gonger i månaden byrjar ein bustad å brenna midt på natta i Hordaland. No står brannhøgtida for døra igjen.

DEL

Brannvesenet i Hordaland rykte ut til 69 bustadbrannar mellom klokka 23 og klokka sju på morgonen i fjor. Det blir eit gjennomsnitt på nesten seks nattbrannar kvar einaste månad, heile året igjennom, berre i fylket vårt. I ei pressemelding frå Kvinnherad brann og redning ber brannsjef Atle Josdal om at alle sjekkar røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månadar.

– Når det brenn, er kvart sekund avgjerande. Ein overlever ikkje lenge i ein bustad som raskt blir fylt opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidleg varsling for å redda seg sjølv og dei ein bur saman med, seier feiar Alf Steinsvik.

Byt batteri i røykvarslaren

Alle bustadar skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunna høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka.

– Ein fungerande røykvarslar er vaken og følgjer med, også når du søv. Sjå til at du går brannsesongen i møte med nye batteri, og kontrollér at du høyrer varslaren godt, seier branninspektør Thomas Hallquist.

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er dei mest hektiske månadene i året for brannvesenet i Noreg.

– Vi trekkjer innandørs, fyrer i peisen, lagar feit mat på komfyren, tenner lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg, seier operativleiar Ruben Medhus.

På stand

Den 2. desember vil Kvinnherad brann og redning ha stand på Husnes storsenter kor dei deler ut batteri til røykvarslaren som ei påminning om å byta batteri og sjekka at røykvarslaren fungerer slik den skal. Det blir òg stand i Varehuset i Rosendal den 3. desember.

Det vil då bli høve til å setja seg opp på ei liste viss ein ynskjer ein bustadkontroll. Dette er ein enkel kontroll av bustaden for å sjå til at branntryggleiken er tilfredstillande. Kontrollen er ein enkel sjekk av varslingssystem (røykvarslar, brannalarm), sløkkeutstyr, bruk av elektrisk apparat (skøyteleidningar, kontaktar utan synlige skadar) rømmingsvegar og øvingar, komfyrvakt og ein visuell kontroll av fyringsanlegget.

Visst ein ikkje har høve til å besøka brannkonstablane på stand er det berre til å ta kontakt med leiar for førebyggande i Kvinnherad brann og redning for å avtala ein kontroll, står det i pressemeldinga. Då ringer ein Kvinnherad kommune og spør etter Øyvind Ousdal i brann og redning.

På roykvarslerdagen.no finn du elles nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.

Talet på bustadbrannar på natta per fylke:

FylkeTal
Oslo207
Trøndelag75
Hordaland69
Akershus58
Rogaland58
Vestfold50
Vest-Agder45
Nordland43
Østfold41
Oppland38
Buskerud36
Møre og Romsdal35
Aust-Agder34
Telemark32
Finnmark28
Hedmark26
Troms20
Sogn og Fjordane12
Totalt:907


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags