Komfyrvakt – ei billig forsikring

Slik kan eit kjøken sjå ut etter ein brann som oppstår på komfyren. Ei komfyrvakt er derfor ei billig forsikring. (Foto: Komfyrvaktkampanjen/Infratek).

Slik kan eit kjøken sjå ut etter ein brann som oppstår på komfyren. Ei komfyrvakt er derfor ei billig forsikring. (Foto: Komfyrvaktkampanjen/Infratek).

I dag (onsdag) kan du møta representantar frå Kvinnherad Energi og Kvinnherad brann og redning i Varehuset i Rosendal der dei vil fortelja om komfyrvakt.

DEL

Heile 50 prosent av utrykkingane til brann i fjor skriv seg frå komfyren, og ei komfyrvakt kan redda heimen din frå å gå opp i røyk.

Komfyren er den største brannkjelda i heimen, og dei fleste komfyrbrannar kjem av manglande merksemd, ikkje tekniske feil ved produktet.

– Ingen tek skade av å venta litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade dersom du gløymer det, seier Øyvind Ousdal, leiar for førebyggande i Kvinnherad brann og redning i ei pressemelding.

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader. Det er også krav til komfyrvakt dersom kjøkenet vert skifta ut og platetoppen skal flyttast eller det skal leggjast opp ny kurs til komfyren/platetoppen. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekkje kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar, seier Hans Ordin Øvstebø, DLE-ansvarleg i Kvinnherad energi.

– Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet. Enten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt manglande merksemd er alt som skal til for at ein brann skal blussa opp og komma ut av kontroll, seier Ousdal.

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installera. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutta straumen til komfyren.

– Hald oppsikt under matlaging og skru av eller demp varmen dersom du blir avbroten. Det er også viktig å reingjera ventilator jamleg og passa på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen, seier Øvstebø.

Komfyrvaktkampanjen

I dag blir det arrangert ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd om dei mange komfyrbrannane. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og det lokale eltilsynet ha lokale aktivitetar over heile landet. Som del av kampanjen vil det bli installert nesten 100 komfyrvakter hos nokon som treng det rundt om i landet. Lokalt vil representantar frå Kvinnherad Energi og Kvinnherad brann og redning ha stand i Varehuset i Rosendal frå klokka 11 til 13 denne dagen. Då kan ein svinga innom for å høyra korleis ein komfyrvakt verkar og kvifor ein bør installera ein slik i heimen.

Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkyndige selskap. Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags