Brann i terrenget i Åkra

Foto: Inger Johanne Vågen.

Foto: Inger Johanne Vågen.

DEL

I 18-tida melde 110-sentralen på Twitter om brann i terrenget i Åkravegen. Brannvesen og politi jobbar no med å få oversikt. Ifølgje ei twittermelding klokka 18.45 skal det ikkje vera fare for bygningar, men vinden gjer forholda vanskelege.

Vest politidistrikt melder på twitter like før klokka 19 at ein no har rimeleg bra oversikt, men ikkje full kontroll. Ingen bustadhus skal vera truga, ifølgje politiet.

Bergens Tidende skriv at brannen ifølgje 110-sentralen oppstod ved ein høgspentstolpe. Ein 15-åring varsla alarmsentralen om brannen.

– Vi er utruleg imponerte over denne guten. Han har vore ryddig og gitt god informasjon, seier Karl-Arne Røyseth ved 110-sentralen til BT.

Ifølgje Inger Johanne Vågen som vart ståande nær brannstaden, sidan vegen var sperra av brannbilar, gjekk det med ei uteløe i brannen på Ølvestveit.

19.30-melder 110-sentralen at brannvesenet har kontroll og no driv med ettersløkking og dynking av terrenget.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags