Aukande skogbrannfare – ber folk vera varsame

Det kan lett ta fyr i skog og kratt når det er så tørt og fint vêr som no. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Det kan lett ta fyr i skog og kratt når det er så tørt og fint vêr som no. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Ein tørr og solrik påske i kombinasjon med grill og open eld kan gi fleire skogbrannar. Mange forbinder påskeferie med pølser på bål, men i år er påsken så sein at det ikkje er lov å tenna bål i skogen.

DEL

Sjølv om det kan vera kaldt, kan bakken vera knusktørr, og då skal det lite til før det tar fyr. Brannfaren blir ikkje mindre så lenge det fortsatt er opphald og fint vêr.

I perioden 15. april til 15. september er det ikkje lov å tenna bål i skog eller anna utmark. Det gjeld faktisk òg bålpanne, grillar og eingangsgrill. Kvinnherad brann og redning ber folk vera varsame, og bruka hovudet:

– Bålforbodet gjeld, men i føreskrifta om brannførebygging står det at «det er likevel tillate å gjera opp eld der det openbert ikkje kan medføra brann». Det vil seia plasser der det ligg snø på bakken eller viss det har kome mykje nedbør over tid. Folk må likevel vera klar over at den som vel å gjera opp eld eller laga bål har det fulle ansvaret for at det er trygt. Er du uforsiktig med open eld eller brannfarlege gjenstandar, kan det medføra straffeansvar og erstatningsansvar, minnar Øyvind Ousdal om.

Han er leiar for førebyggande/varabrannsjef i Kvinnherad brann og redning.

– Vi har per no faregrad gul på skogbrann i Kvinnherad, og vil derfor oppmoda innbyggjarane om å vera forsiktige med å gjera opp eld no i påsken, avsluttar han.

Artikkeltags