Ved 11.30-tida vart det meld om røykutvikling frå ein båt i båthamna på Husnes. Politi og brannvesen var raskt på plassen, og båten det kjem røyk frå blir slept ut frå kaien. Alle båtgjestene i området er evankuerte. Båten skal vera om lag 40 fot stor.
Det er no røykdykkarar på veg om bord i båten, vår journalist på staden opplyser at det ikkje er særleg med røyk frå båten.
Klokka 11.50 vert det meld at brannen er sløkt.
- Den starta i maskinrommet på båten, og eigaren sjølv klarte å sløkka den, opplyser Arnt Larsen i branntroppen på Husnes.
Årsaka til røykutviklinga skal vera varmgang i eit brannslukkingsanlegg, og det skal ikkje vera skadar på båten, seier Jarle Rørdal ved Kvinnherad lensmannskontor.
Kommentarer til denne saken