Kvinnhering tett på brannen i Portugal

OBS: Illustrasjonsbilde frå arkivet.

OBS: Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Skogbrannen i Portugal har til no kravd minst 62 menneskeliv. Oddvar Myklebust (66) frå Valen og kona Liene Sengmany (32) var skremmande tett på flammane då brannen nærma seg huset dei eig i Villas de Pedro. Dei rakk akkurat å kasta seg i bubilen og køyra av garde, og då Myklebust rygga ut av hustomta sleika flammane oppetter bakenden på bubilen, skriv Aftenposten. Dei neste timane var paret på desperat flukt frå flammehavet, og måtte køyra rundt på ulike småvegar i skogområdet i Portugal for å finna trygg passasje.

– Kona mi blei skremd av brannen, og derfor valde vi å reisa til nokre vener som bur i nord, rundt 150 kilometer unna, då dei inviterte oss hit. Huset har ikkje straum, så vi bur i bubilen. Her har vi ikkje tv, så vi har ikkje peiling på kva som skjer, skriv Myklebust i ein SMS til Kvinnheringen.

Til Aftenposten seier Myklebust at dei ikkje anar om huset deira i Villas de Pedro har klart seg, men at dei prisar seg lukkeleg over at dei framleis har eit hus i Norge, og at dei kjem til å flytta heim igjen etter den dramatiske opplevinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags