Rykte ut til brann i firehjuling

Naudetatane er på staden etter at det skal ha begynt å brenna i ein ATV utanfor Halsnøytunnelen i kveld.

Naudetatane er på staden etter at det skal ha begynt å brenna i ein ATV utanfor Halsnøytunnelen i kveld. Foto:

Naudetatane rykte i kveld ut til ein brann i ein firehjuling på Halsnøy-sida av Halsnøytunnelen.

DEL

- Naudetatane er på staden, og dei fekk raskt kontroll på brannen. Den vart dermed sløkt raskt, fortel Stein Rune Halleraker, operasjonsleiar i Politidistrikt vest.

Han seier at ingen personar kom til skade, og at det berre skal vera minimalt med skadar på firehjulingen.

- Hendinga skjedde eit stykke utanfor tunnelen, mot Sæbøvik, så tunnelen er open for vanleg trafikk, fortel han.

Artikkeltags