Gå til sidens hovedinnhold

Brannutrykning til Høylandsbygd

Artikkelen er over 1 år gammel

110-sentralen melde litt før klokka 20 om brannutrykning til Høylandsbygd, nærare bestemt Kallebekk. «Brann i høyballepresse», heitte det i twittermeldinga.

Innsatsleiar brann, Thomas Hallquist, fortel i 20.10-tida at brannfolk frå Halsnøy og Husnes har rykt ut til brannen og er godt i gang med sløkkinga. I alt åtte brannfolk er i sving, og det stemmer som twittermeldinga sa at det brenn i ei høyballepresse.

– Det er ikkje fare for spreiing – høyballepressa står med god avstand til vegetasjon eller bygningar. Men det er vanskeleg å koma til inni pressa – der er det både plastikk og forskjellig. No brukar me sløkkespyd som har ein spreiar i enden, fortel Hallquist.

Han vurderer situasjon til å vera under kontroll, sett frå Kvinnherad brann og redning si side. Også politiet rykte ut til staden, opplyser Vest politidistrikt på sin Twitter-kanal.

Kommentarer til denne saken