Brannsjef oppmodar alle om å følgja totalforbodet: – Vi er livredde for skogbrann

– Då vi har sagt at det er totalforbod mot eld, har vi gjort vurderinga for alle, seier vakthavande brannsjef i Kvinnherad, Øyvind Ousdal.

– Då vi har sagt at det er totalforbod mot eld, har vi gjort vurderinga for alle, seier vakthavande brannsjef i Kvinnherad, Øyvind Ousdal. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag måtte brannvesenet rykka ut til eit bål på Halsnøy. Vakthavande Brannsjef, Øyvind Ousdal, oppmodar alle om å følgja totalforbodet mot eld.

DEL

Igjen har det blitt totalforbod mot open eld, og skogbrannfaren er stor.

– Då eg kom heim frå ferie på fredag køyrde eg forbi to skogbrannar i Setesdal, der dei var i full gang med slukking ved hjelp av blant anna helikopter, seier vakthavande brannsjef i Kvinnherad, Øyvind Ousdal.

Sjølv rykte han laurdag ut til ei melding om bål ved Halsnøy Kloster. Personen som hadde starta bålet, sløkte det raskt og flammane kom ikkje ut av kontroll.

– Men vi er jo livredde for at vi skal få skogbrannar, seier Ousdal, og legg til at all aktivitet som kan medføra brann er forbode.

Ousdal fortel at majoriteten er flinke til å følgja totalforbodet, men at det er nokre som tar litt lett på det og gjer eigne vurderingar.

– Då vi har sagt at det er totalforbod mot eld, har vi gjort vurderinga for alle. Då skal det ikkje vera nokon tvil.

Blant anna fekk Ousdal ein telefon frå ein person som lurte på om det var lov å skyta då revejakta straks startar.

– Vi har ikkje sagt spesifikt at det ikkje er lov til å skyta, men er du uheldig å set i gang ein brann i skogen, då har du litt dårlege kort, seier Ousdal.

No oppmodar han alle om å følgja totalforbodet brannvesenet har gitt, og ikkje vurdera situasjonen sjølv.

Artikkeltags