Gå til sidens hovedinnhold

I morgon kan du ta ungane med på open brannstasjon i Rosendal

Artikkelen er over 3 år gammel

Ei ny undersøking viser at tre av fire familiar aldri har hatt brannøvingar heime. Dette blir hovudtema når Kvinnherad Brann og redning har open dag på Rosendal i morgon, laurdag.

Brannvernveka blir arrangert av Norsk brannvernforeining, DSB og If Skadeforsikring i samarbeid med brannvesenet, og i samband med dette skal Kvinnherad Brann og redning ha open brannstasjon i Rosendal laurdag 23. september, står det i ei pressemelding frå Øyvind Ousdal, som er leiar for førebyggjande i Kvinnherad Brann og redning. Open dag på brannstasjonen plar vera svært populært, og er lagt opp som ein familieaktivitet der barn og vaksne får opplæring i korleis ein kan sikra heimen mot brann. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleva.

Medan berre éin av fire har hatt brannøving heime (26 prosent), seier fleire at dei i det minste har snakka om kva dei skal gjere i tilfelle brann (64 prosent), ifølgje undersøkinga som Kantar TNS nyleg har utført for Norsk brannvernforeining, DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) og forsikringsselskapet If.

– Det uroar oss veldig at så mange ikkje har øvd på kva ein skal gjera ved brann. Det er for seint å oppdaga at teori og praksis ikkje stemmer overeins når kjøkenet eller stova står i full fyr. Eit lite branntilløp utviklar seg raskt til full overtenning, så her må alle handla rett frå første stund, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If.

Berre ti prosent av husstandar med to eller fleire personar har avtalt møtestad utandørs i tilfelle brann, ifølgje spørjeundersøkinga. Dette skremmer brannvesenet:

– Ved brann blir det fort kaotisk, og det er lett å komma vekk frå kvarandre. For oss i brannvesenet er det eit skrekkscenario at folk spring tilbake inn i brennande hus for å leita etter familiemedlemer som kanskje har komt seg ut andre vegar. Derfor er det å avtala ein fast møtestad utanfor bustaden noko av det enklaste og viktigaste ein kan gjera, seier Mette Einang Vinterun, som er branningeniør i Kvinnherad Brann og redning.

If har utvikla mobilspelet Brannleken.no, som er eit enkelt verktøy for mobil og nettbrett, og som skal hjelpa barnefamiliar til å gjera brann-øvinga til ein morosam familieaktivitet, står det å lesa i pressemeldinga.

Kommentarer til denne saken