«Aksjonerte» for Bremstølen

Mellom 150 og 200 personar var med på turlaget sin fellestur for å visa engasjement. (Foto: Anne Kari Enes).

Mellom 150 og 200 personar var med på turlaget sin fellestur for å visa engasjement. (Foto: Anne Kari Enes).

Artikkelen er over 2 år gammel

Søndag inviterte Kvinnherad Turlag folk til Bremstølen for å setja fokus på vern av området, og mellom 150 og 200 tok turen.

DEL

SKL har søkt om å få byggja vasskraftverk i Hellandselva, og saka er no på høyring hos NVE med frist for uttale 3.desember. Kvinnherad Turlag er sterkt imot dette, og har oppretta Facebook-gruppa «Vern Bremstølen». Søndag inviterte turlaget til fellestur til Bremstølen, og der heldt styremedlem i turlaget, Mari Teigen Varanes, appell til dei frammøtte. Her er eit lite utdrag:

Den kvite, fossande elva me i dag ser frå Husnes, Hellandselva, vil nærmast forsvinna og bli redusert til ein liten bekk, bortsett frå nokre få dagar når det er store mendger vatn i fjellet. Det blir påpeika i søknaden frå SKL at dette vil medføra ei tydeleg endring i landskapet, og at det vil «vera negativt for rekreasjonsopplevinga langs elva». (…) For meg verkar det urettferdig, dumt og korttenkt om me skal øydeleggja eit så vakkert landemerke og turmål som så mange kan ha glede av, for at nokre ytst få skal få nokre ekstra kroner i kassen.

Etter apellen spelte Egil Vaage munnharpe, og Hilde Svalbjørg leste diktet «Vand» av Nordahl Grieg. Trass i noko surt vêr stilte mellom 150 og 200 personar opp til «aksjonen», noko Teigen Varanes er svært nøgd med:

– Det var overveldande, eg hadde ikkje trudd det skulle komma så mange! Éin ting er å lika ei side på Facebook, det er noko heilt anna å stilla opp og visa engasjement på denne måten. Det viser jo at dette turområdet betyr mykje for mange, og eg snakka med mange som var samde i at ei slik utbygging som SKL ønskjer ikkje må skje.

Det er også oppretta ein eigen underskriftskampanje på nettet, «Vern Bremstølen og Hellandselva!», som til no har 262 underskrifter. Teigen Varanes oppmodar elles alle som har høve til det å senda uttale til NVE.

– Det kan både organisasjonar, politiske parti og privatpersonar gjera. Ein høyringsuttale treng ikkje vera lang eller «proff», den må berre få fram kva ein meiner og kvifor, seier ho.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags