– Kjem Årets Brillemodell frå Kvinnherad?

Halvor Bakke og Kathrine Sørland er Specsavers-ambassadørar og med i fagjuryen som skal vera med på å kåra Årets Brillemodell. Dei oppmodar kvinnheringar om å bli med i konkurransen. (Pressefoto).

Halvor Bakke og Kathrine Sørland er Specsavers-ambassadørar og med i fagjuryen som skal vera med på å kåra Årets Brillemodell. Dei oppmodar kvinnheringar om å bli med i konkurransen. (Pressefoto).

DEL

Briller er naudsynt for tusenvis av nordmenn, men framleis kvir mange seg for å bruka dei i frykt for å bli mobba. TV-kjendisane Kathrine Sørland og Halvor Bakke leitar no etter kandidatar til konkurransen og antimobbeprosjektet «Årets Brillemodell» i regi av Specsavers Norge. Dei er på jakt etter personar som er stolte brille-brukarar, og som vil bidra til å gjera briller endå kulare og meir akseptert.

– Kanskje kommerÅrets Brillemodell nettopp fra Kvinnherad? spør Lene Mykjåland på vegner av Specsavers i ei pressemelding.

Vinnaren blir kåra gjennom folkeavstemming på Facebook, og ein fagjury der blant andre Bakke og Sørland er med. Hovudpremien er ei reise til Tanzania for å vera med på optikarkjeden sitt humanitære prosjekt: Gi syn til Tanzania. Du finn meir informasjon om konkurransereglar på Specsavers Norge si Facebook-side.

Artikkeltags