Bringedaldsbygda vann aviskonkurransen

Glade vinnarar frå Bringedalsbygda med pengepremien frå Kvinnheringen. F.v.: Gro Aakre (Lærar), Aurora Nilsen Mathisen, Alexandra Eikenes Andersen, June Marie Sætre Bjelland, Storm Nyrud Uppheim, Erlend Bendiksen Aakre, Emil Hauge, Jens Aasgard, Victoria Seljelid Joleik, Ingeborg Stensletten Hagan, Solfinn kolle.

Glade vinnarar frå Bringedalsbygda med pengepremien frå Kvinnheringen. F.v.: Gro Aakre (Lærar), Aurora Nilsen Mathisen, Alexandra Eikenes Andersen, June Marie Sætre Bjelland, Storm Nyrud Uppheim, Erlend Bendiksen Aakre, Emil Hauge, Jens Aasgard, Victoria Seljelid Joleik, Ingeborg Stensletten Hagan, Solfinn kolle.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Gjennom «Avis i skulen» har elevane på barneskulane i Kvinnherad som deltok lært om aviser generelt, og om lokalaviser. Då veka var over måtte kvar elev ved skulane svara på tjue spørsmål. Mellom spørsmåla elevane fekk, var kva dagar Kvinnheringen kjem ut, kor ein skal få ny fiskerihamn i kommunen og kva tv-serie båten til Leif Einar Lothe har vore med i. Vinnarskulen får ein premie på 1500 kroner, som dei kan bruka på kva dei vil.

Det var jamt mellom skulane, men éin skule hadde litt fleire rette enn dei andre: Denne gongen var det dei 10 elevane i sjuande klasse ved Bringedalsbygda skule.

Kvinnheringen vitja dei tidleg denne veka, og hadde med seg 1500 kroner i reine pengar til dei flinke elevane. Ungdommane i sjuande klasse jubla høgt, og var ikkje i tvil om kva pengane skal brukast til – det blir pizza!

Lærte mykje

I løpet av veka elevane hadde om avis gjekk dei nøye gjennom Kvinnheringen og lærte mykje om både avisa og kommunen.

– Vi lærte masse om Kvinnherad, og fann ut meir om kommunen en vi hadde trudd, seier dei kloke sjuandeklassingane.

Av spørsmåla dei fekk var det òg fem nasjonale spørsmål, og det var dei vanskelegaste. Elles synest dei helst det var lett.

Og kva vil så elevane lesa meir om i avisa?

– Fotball og volleyball! kom det kjapt frå to av dei.

Ein liten diskusjon om avis på papir og nett var vi òg innom.

– Nettsida til Kvinnheringen er vi ikkje så ofte innom, men papiravisa får vi jo heime og den er enklare og kjekkare å lesa, seier dei.

Artikkeltags