Gå til sidens hovedinnhold

Britisk mutant påvist i Kvinnherad

Prøven til den siste personen som fekk påvist covid-19 i Kvinnherad, inneheldt den britiske mutasjonen. Det svarar kommuneoverlege i Kvinnherad, Glenn A. Opland, på spørsmål frå Kvinnheringen onsdag i lunsjtider.

Personen kom frå utlandet og har vore i karantene. Opland seier at smittesporinga var relativt enkel og at vedkomande hadde få nærkontaktar.

– Vi har god kontroll, seier han.

Vedkomande er busett i Kvinnherad og jobbar her, opplyser Opland.

Kommunen melde om tilfellet på heimesida si førre fredag, 12. februar.

Søndag 7. februar blei det også meldt om eitt tilfelle av importsmitte. I det tilfellet er det ikkje oppdaga mutasjon.

Det er Haukeland sjukehus som analyserer prøvane som kjem frå Kvinnherad. Opland fortel til Kvinnheringen at det tar rundt tre dagar å få svar på om ein positiv covid-19-prøve inneheld mutert virus.

Opland fekk melding om den britiske mutasjonen søndag 14. februar, to dagar etter at kommunen opplyste om den positive prøven. Dette er det første tilfellet av eit mutert virus som er påvist i Kvinnherad.

– Kvifor går de ikkje ut med denne informasjonen sjølve?

– Det er litt ulik praksis både her og der, men det kan ein jo gjera. Det er ikkje noko i vegen for det, svarar han.

Gir folket skryt

Opland kjem også med ros til innbyggarane onsdag.

– Vi har hatt litt smitte den siste tida, men kvinnheringane er generelt flinke. Mykje tyder på at folk gjer ein god jobb med å halde seg heime og å følga råda og reglane for smittevern. Samtidig har vi ein naturleg fordel med geografien vår, seier kommuneoverlegen.

– Men folk må halde ut litt til, oppmodar han.

Les også

Ni av ti foreldre fornøgde med barnehagen under pandemien

Kommentarer til denne saken