Ingen tvil: Snøen får folk ut i aktiv leik. Jo meir snø, dess meir utlån, og Morgenstern fortel om ekstraope måndag med mykje utleige, medan snøen la seg mjuk og fin og sytte for leik med både ski og akebrett.

– Og med matter og andre ting. Vi har alt mogleg av utstyr til utlån for desse fine forholda, reklamerer Morgenstern tysdag morgon.

Til vanleg er det ope tysdag og fredag, men den fine snøen legg altså press på opningstidene.

– Har du nok frivillige til å halda ope når det treng det?

– Vi har frivillige, men vi treng fleire, seier Morgenstern og fortel at fleire av dei frivillige som BUA har hatt god nytte av til no, har fått seg fast arbeid.

Då kan det bli mindre høve til å halda ope ekstra.

– Eg blir veldig glad dersom fleire melder seg som frivillige, fordi då kan vi ha meir ekstraope, og vi vurderer å ha tre dagar ope i veka når det er så fine snøtilhøve som no, fortel ho.

Ho legg til at der er ein fin frynsegode dei frivillige ved BUA får del i. Den håpar ho kan lokka fleire med.

– Og det er at dei kan låna utstyr utanom opningstidene, smiler Daniela Morgenstern.