– Det har gått kjempebra etter opninga, skryt Veronica Thorkildsen Thorsen, leiar ved Kvinnherad Frivilligsentral, etter at BUA opna dørene på Husnes for vel ein månad sidan.

Her er det mogeleg å leiga diverse utstyr til forskjellige aktivitetar – heilt gratis. Stadig fleire oppdagar tilbodet og det er nye fjes innom kvar gong BUA er open.

– Vi har ope i eit par timar på ettermiddagen kvar måndag og onsdag, informerer ho.

Dette er eit tilbod Thorsen ønskjer at skal halda fram gjennom sommarmånadane, då ein går inn i tida med mange kjekke sommaraktivitetar.

– Vi fekk ekstra tilskot på 300.000 kroner på sjølve opningsdagen, så no har vi handla inn mykje ekstra utstyr som ventar på å bli tatt i bruk, smiler ho.

Dei kan skryta av å ha syklar, kajakk, kano, vasski og anna utstyr til vassportaktivitetar – som er svært populært på sommartid.

– Det er klart vi vil at utstyret skal vera i bruk, så vi kryssar fingrane for at vi ikkje må ha sommarstengt, held Thorsen fram.

Frivillige

Heile drifta til BUA er tufta på frivilligheit, og det er absolutt ein fordel å vera fleire på kvart skift, då enkelte vakter har vore travle og interessa for å bruka utstyrssentralen har vore aukande.

– Alle er hjarteleg velkomne til å vera frivillige! Ein vil få opplæring, og systemet er enkelt og brukarvennleg. I tillegg kan ein ringa til support om det er noko ein skulle vera usikker på, så sånn sett er ein aldri åleine, seier Thorsen.

Om ein ønskjer å bidra, kan ein lett melda seg, og med åtte frivillige kan ein halda ope i to veker der kvar enkelt har eit skift på 2,5 timar.

– Ei gulrot til dei som stiller som frivillige, er at dei alltid vil ha tilgang til utstyret, også utanom dei annonserte opningstidene, freistar Thorsen, som håpar at situasjonen i sommar vil løysa seg, slik at mange kan nytta gratistilbodet.