Seks budsjett å røysta over, men rørande semje

Sjølv om både rådmannen, Ap, FrP, KrF og H og Sp kom med eigne budsjett til kommunestyret, var partia samde i at det ikkje var mykje som skilde budsjetta.

DEL


Særleg Høgre og Senterpartiet var opptekne av det ikkje var store forskjellane mellom dei ulike partia sine budsjett.

Før i tida kunne det vera svært høg temperatur og debattar som varte ut i dei små timar då budsjettet skulle til handsaming. I år var debatten unnagjort på knappe halvannan time, og temperaturen var som ein middels norsk sommardag. Som venta var det Senterpartiet og Høgre sitt budsjett som fekk gjennomslag med 23 mot 12 røyster.

Gunnar Våge og Knut Johannes Helvik fortalde i varme ordelag om fleirtalet sitt budsjett.

Våge peika på helse og omsorg får ein fin auke og at Rosendalstunet er sikra opning av den sjette avdelinga.

– Alt i februar ser det ut til at Rosendalstunet kan opna den sjette avdelinga. Det har einingsleiaren ved Rosendalstunet informert meg om, sa Våge.

Helvik meinte Høgre og Senterparitet hadde eit offensivt budsjett som vil bringa kommunen vidare og stimulera til næringsutvikling.

– Vi må få folk til å flytta heim og auka folketalet i heile kommunen, det er bakteppet for budsjettet, sa Helvik.

Han viste til alle som sa at Kvinnherad brukar for mykje pengar av ekstraordinære inntekter, men påpeika at dei ekstraordinære inntektene er ordinære i Kvinnherad.

Helvik la òg til at dei to regjeringspartia i kommunen vil tilsetja kommunal næringssjef i Kvinnherad og laga to nye områdeplanar for Sunde og Rosendal.

– Samtidig er nivået på drifta i Kvinnherad høgt, og vi forventar at den nye kommunedirektøren vil sjå på dette, sa Helvik.


Er forskjellar

Hilde Enstad la fram Ap sitt budsjett, og ho sa budsjetta kanskje såg like ut, men at det er ein del forskjellar, særleg i dei såkalla verbalpunkta.

Ordførarkandidaten til Ap peika særleg på at Ap ønskjer fleire i 100 prosentstilling. Ho viste til Sveio som har lukkast med å få fulltidsarbeidarar, og at det må vera eit mål at også Kvinnherad blir ein heiltidskommune.

– Produksjon av mat ved institusjonane har vore tema i heile perioden, men vi ventar framleis på ei utgreiing av dette. Vi ønskjer å få ei utgreiing om kva det vil kosta med kjøken også ved Rosendalstunet. Ap vil og ha 26 lærlingplassar i kommunen, sa Enstad

Ho peika på at kommunen sidan 2015 har delteke i prosjekt mot fattigdom.

– Ein del har det ikkje lett, for å letta byrden for dei som tener minst vil vi ha gratis SFO for dei som tener under 350.000, sa Enstad


Støtta Ap

Hege Røssland sa at Sosialistisk Fellesliste vil støtta Ap. For SF var det viktig med dei nyansane som var forskjellige forslaga.

Særleg var SF oppteken av at Ap vil gjera noko for dei med svakast økonomi.

– Dessutan vil Ap satsa meir på helse og omsorg, det er viktig, sa Røssland.

Synnøve Solbakken (Ap) peika på at Ap er oppteken av ungdommen, og at det er ein skilnad på partia her. Ho viste til at ungdomssenteret på Husnes har fått reduksjonar, og at ungdomsklubben i Rosendal har måtta stenga to dagar i veka.

– Dette har skjedd i det stille, og Ap vil at aktiviteten skal tilbake slik den var før, sa Solbakken.


Julefreden

Ove Lemicka (FrP) meinte det var rett før julefreden kom i kommunestyret, og at det var semje om det meste.

– Eg får seia som Einar Førde sa, eg trur vi alle er sosialdemokratar, og slik er det nok litt.

– Det som skil oss og dei andre partia er at vi vil fasa ut eigedomskatten, men det får vi nok ikkje fleirtal for, og då vil vi støtta Høgre og SP sitt forslag, sa Lemicka.

Otto Benjaminson (KrF) meinte ein kunne sjå at det snart var val på budsjetta. Han meinte samtidig at dei langsiktige linene ikkje er der, og at ein ikkje klarar å harmonisera utgiftene opp mot dei usikre inntektene. Eg er usikker på om vi klarar å ta dei berekraftige grepa, sa Benjaminson.

Kent Are Kjørsvik Petterson (V) syntest det var vanskeleg å velja mellom Ap og Høgre og Sp sine budsjett. Begge hadde gode og viktige saker med.

H og Sp er best på næringsutvikling, medan Ap støttar dei svakaste.

Petterson oppmoda om eit gruppemøte der partia kunne bli samde, men det fekk han ikkje dei andre med på, og enda med å støtta Arbeidarpartiet.


Felles

Ordføraren fridde til Arbeidarpartiet i forhold til om ein kunne få til eit felles budsjett, det var ikkje AP lysten på

– Det er hyggeleg med invitasjon til samarbeid, men det kjem litt seint, og vi brann oss på samarbeid det første året. I etterkant kom aldri dei viktige sakene vår fram, mellom anna utgreiing av ny Undarheim skule og utgreiing av Frivillingsentralar i fleire bygder. Med Høgre og Sp sitt budsjettet aukar òg lånegjelda og rentene går opp, det vil vi ikkje vera med på, sa Enstad.

Dermed vart Høgre og Sp sitt budsjett vedteke. Der heiter det at ein skal tilsetja eldreombod i 20 prosent stilling, skal vurdera fleire frivilligsentralar i kommunen, ein skal sjå på opprusting av Husnestunet, prøva å få den fylkeskommunale tannhelsetenesta til Rosendalstunet, ein skal få aktivitørar ved alle aldersheimane og sjå kva kommunale eigedommar ein kan prøva å selja.

Eit forslag frå Arbeidarpartiet om ei utgreiing for å sjå kva konsekvensar det vil få å ikkje ta med barnetrygda i inntektsgrunnlaget for sosial stønad, vart vedteke mot to røyster.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags