Plutseleg stod skuret der: – Er veldig takknemlege

– Tusen takk for busskuret! helsar Mia Ingvaldsen Høydal (fremst), Kaia Matre Vangsnes, Steffen Takvam Dale og.

– Tusen takk for busskuret! helsar Mia Ingvaldsen Høydal (fremst), Kaia Matre Vangsnes, Steffen Takvam Dale og. Foto:

Oppropet i juni gav resultat i november. No er nemleg nytt busskur på plass i Teigen.

DEL

Av og til går det fortare med vegstyresmaktene enn nokon kunne tru. Slik ser i alle fall ungdomsskuleelevane i Teigen på det.

– Vi er veldig takknemlege. Så raskt hadde vi ikkje forventa at det skulle gå. Så tusen takk til dei som ordna med dette for oss, seier Steffen Takvam Dale til anerkjennande blikk, smil og ord frå Mia Ingvaldsen Høydal og Kaia Matre Vangsnes.

Alle tre er elevar på Husnes ungdomsskule og avhengige av buss til og frå skulen fem dagar i veka. Teigen har lenge hatt busskur for dei som tar bussen i retning Valen, men på andre sida av vegen har passasjerane måtta venta ute i all slags vêr alltid.

I juni gjekk seks ungdomsskuleelevar, med Steffen i tet, ut i Kvinnheringen med oppropet «Vi vil ha busskur», følgd av eit brev til kommunen med bøn om det same. Den gongen kommenterte avdelingsingeniør Geir Sverre Andreassen i Statens vegvesen at problemet var nytt for dei, men at han skulle lova å ta saka vidare.

– Uansett korleis det går, snakkar vi om tiltak tidlegast til neste år, sa Andreassen i juni.

Likevel kom busskuret opp berre fem månader seinare. Vi spør Andreassen om kva som skjedde.

– Det skuldast eit godt samarbeid mellom Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen. Alle partar har vore løysingsorienterte og velvillige, fortel han.

I tillegg til skuret i Teigen kom det samtidig opp skur på Fatland og i Sundal.

Dermed er det slutt på den tida at elevane blir våte og kalde og datautstyret står i fare for å bli skadd av regn. Særleg trist har det vore dei gongane bussen har vore sein i ruta.

– Kjempeflott, helsar dei lykkelege ungdomane i Teigen.

Artikkeltags