Gå til sidens hovedinnhold

Familien overraska 89 år gamle Just med veteranbusstur

Artikkelen er over 3 år gammel

I 44 år køyrde han buss for HSD i Kvinnherad. Førre laurdag vart 89 år gamle Just Sandvoll overraska med ein tur i ein annan HSD-veteran.

Han var eit fast fjes å møta på bak bussrattet i Kvinnherad i heile 44 år. Han gjekk av med pensjon i siste halvdel av 90-talet, og i mars i år fylte han 89 år. Etterkomarane ønskte å gjera litt ekstra for ein høgt verdsett far, bestefar og oldefar, og overraska han difor med staseleg busstur med veteranbussen til HSD. Bak rattet sat Lars Wang.

– Då gjengen kom for å plukka opp Just, ante han ingenting. Dei hadde klart å smugla ut den gamle HSD-uniforma hans utan at han merka det, så den fekk han på seg. Og så køyrde vi til Steinparken, fortalde Ingrid Sandvoll, kona til Just.

22 av etterkomarane var med på turen. Eigentleg er dei 32, men ikkje alle kunne vera med denne dagen.

– I Steinparken fekk vi mat og drikke, og så heldt dei ein så fin tale til meg at eg beint fram blei rørt, sa Just.

Han la til at han sette svært stor pris på den kjekke dagen med veteranbusstur og familiesamling, og at han kjente på at det var kjekt å sitja i front i bussen igjen.

– Eg likte yrket mitt godt, det var kjekt å køyra buss og møta menneske, smilte den alltid blide og no pensjonerte bussjåføren.

Kommentarer til denne saken